Kyrkjelydsblad


Kyrkjelydsblad


Sogndal kyrkjelydsblad vert utgjeven av Sogndal kyrkjelege fellesråd. Det er 4 utgjevingar pr år; påske, sommar, haust og jul.

Dersom du ynskjer inn stoff i kyrkjelydsbladet, kan du sende e-post til kyrkjelydsblad.sogndal@kyrkja.no. Annan kontaktinformasjon finn du på Kontakt-sida vår.

Innsending av stoff:

  • Stoff bør helst sendast som redigertbart tekstdokument (Word, OpenOffice)
  • Bilete og anna stoff kan sendast som bildefiler eller pdf.
  • Ved innsending av bilete, sjå nedanfor.

Viktig informasjon om innsending av bilete:

  • For at bilete skal bli så gode som mogleg på trykk, må dei ha høg oppløsning. Minimum 1000x1000 pikslar. Under dette er det vanskeleg å få bileta godt fram i bladet.
  • Dersom du tek bilete du tenkjer skal inn i bladet vårt, bør du difor ta bilete i så høg oppløsning du kan på din mobil eller ditt kamera.
  • Når du sender til oss, må du sende via e-post og i original oppløsning. 
  • Ta med informasjon om fotograf, dersom det er nokon andre enn deg, og namn på dei som eventuelt er i bilete.

Utgjevingsplan 2026:

Utgåve Stoff-frist Distribusjon
Nr 3: Haust 14. august Frå 21. september
Nr 4: Jul 16. oktober Frå 23. november

Utgjevingsplan 2027:

Utgåve Stoff-frist Distribusjon
Nr 1: Påske 29. januar Frå 8. mars
Nr 2: Sommar 14. mai Frå 21. juni
Nr 3: Haust 13. august Frå 20. september
Nr 4: Jul 15. oktober Frå 22. november

For utgjevingsplan, sjå kalenderen nederst på sida.