Kom med innspel til "Plan for kyrkjekultur" - frist 31. desember
Eit utval beståande av representanter frå kvart sokn, jobbar no med å utforme ein "Plan for kyrkjekultur" som skal gjelde i heile området til Sogndal kyrkjelege fellesråd. Målet er at planen er klar til å setjast i verk hausten 2027.
Vi inviterer no deg som er busett i Sogndal kommune til å kome med innspel til planen, kva du meiner er viktig, og om du har konkrete tiltak kyrkja bør satse på. Utfyllinga skjer digitalt eller på papir (desse ligg i kyrkjene våre). Dersom du fyller ut digitalt, kan du fylle ut fleire gonger. Utfyllinga er heilt anonymt - det einaste vi ber om er at du svarar på kva sokn og kva aldersgruppe du tilhøyrer.
Skjemaet finn du her: Innspel til kyrkjekulturell plan
Frist for å kome med innspel: 31. desember 2026
Dersom du vil lese meir om "Plan for kyrkjekultur", klikk her.