Innbyggarar i Balestrand og omegn vert i lag med lokalt næringsliv oppmoda om å vere med og støtte innsamlinga til restaureringa av kyrkjeorgelet i Tjugum kyrkje, eit bevaringsverdig Olsen & Jørgensen-orgel frå 1905 med 11 stemmer.
Bilettekst: 26. april 2024 gav organisten og pianisten Frode Skag Storheim ein konsert i Tjugum kyrkje til inntekt for orgelrestaureringa. Det vert ny konsert fredag 20. mars 2026! Foto: Jostein Risa
Orgelet i Tjugum kyrkje (bygd i 1863) er eit Olsen & Jørgensen-orgel frå 1905 med 11 stemmer. Orgelet er no nokså nedslite og har fleire manglar, som dårleg belg og sliten mekanikk. Orgelet er likevel rekna som sjeldant og bevaringsverdig. Orgelet står også langt bak på galleriet slik at mykje av lyden vert stogga av ein vegg. I prosjektet ligg det inne framlegg om å flytte orgelet fram på galleriet slik at lyden frå orgelpipene kan fylle kyrkjerommet på ein heilt annan måte enn i dag.
Orgelet i Tjugum kyrkje kvalifiserer til å kunne søkje støtte frå det nasjonale Kirkebevaringsfondet og har i mars 2026 fått innvilga midlar til å finansiere heile forprosjektet! Det er von om at det same fondet seinare kan dekke inntil 50 % av totalkostnaden ved orgelrestaureringa.
Uansett vert restaureringa av orgelet er eit stort økonomisk løft. Totalkostnaden for heile prosjektet vil truleg tippe 2 millionar kroner. Finansieringa er tenkt som ei tredeling mellom Kirkebevaringsfondet (inntil 50 %), Sogndal kyrkjelege fellesråd (via kommunalt tilskot) og Balestrand sokneråd. Ved utgangen av 2025 stod det 123.000 kr på soknerådet sin gåvekonto knytt til orgelet i Tjugum kyrkje, og per mars er summen oppe i 150.000 kr! Ut frå budsjettet må soknerådet lokalt samle inn minst 315.000 kr, så arbeidet held fram!
Lokal innsamling
Oppfordringa går difor ut til folk flest i Balestrand om å være med å støtte restaureringa av orgelet i Tjugum kyrkje. Stort eller lite, alle monnar dreg! Her er kanalar komiteen har lansert for å gje gåver:
- På Balestrand sokn sin Vippskonto #137665 er det ein eigen kategori 6.Orgel Tjugum - restaurering, slik at ein enkelt kan gje ei gåve øyremerka orgelet.
- Større gåver kan med fordel gjevast direkte til Balestrand sokneråd sin bankkonto 3805.10.32583. Det er då viktig å merke innbetalinga med "orgel". Vi minner om at gåver til Den norske kyrkja på over 500 kroner i laupet av eit år gjev rett til skattefrådrag. Vi vil ta kontakt med gjevarar for å avklare ynske om dette.
- Sal av «Orgelbrus» produsert av Balholm starta 29. november 2025 og var UTSELT før jul! Prosjektet gav eit netto overskot på over 21.000 kroner som er sett av til orgelet. Det vert truleg ny produksjon til advent 2026. Sjå meir info om prisar og bestilling i 2025 ved å klikke HER 😊
- Minnegåve ved gravferd
- Konsertar til inntekt for orgelet, den første i 2026 vert fredag 20. mars 2026 kl. 19.00 i Tjugum kyrkje.
- Sal av gåvebrev med høve til å vere "fadder" for ei eller fleire orgelpiper (lanserast 20. mars 2026)
Framdriftsplan for prosjektet
- Forprosjekt - 1. halvår 2026 - Gladnyheit: Orgelprosjektet har i mars 2026 fått innvilga midlar til forprosjekt frå Kirkebevaringsfondet!
- Søknader til biskop, Riksantikvar og Kirkebevaringsfond for restaurering - hausten 2026
- Offentleg utlysing av arbeidet - hausten 2027
- Mål om ferdig restaurert orgel innan 2030
Me er takksame om DU vil være med å støtte orgelprosjektet i Tjugum kyrkje. Då kan framleis tonane frå orgelet klinga både ved gudstenester, vigsle og gravferd. I tillegg vil det opne for orgelkonsertar av eit heilt anna format enn no.
For orgelkomiteen / Balestrand sokneråd
Tore Brudvik
Oppdatert med nye opplysningar 13.03.2026 av Jostein Risa