Flott resultat for kyrkjelydshytta


Flott resultat for kyrkjelydshytta


Onsdag 17. september vart det skipa til god gammaldags basar til inntekt for Kyrkjelydshytta i Sogndalsdalen. Netto beløp samla inn på loddbøker og åresal vart 38 000 kroner.

Basaren vart leia av soknediakon Gitte Therkelsen Torstad, medan Helge Torstad leia åretrekningane. Sistnemnde hadde teke med seg ein og annan gevinst i sekken heimefrå, og det vart lått og løye når nokon vann desse.

Soknerådsleiar Marta Fimreite hadde andakt og Dalklang song for dei mange frammøtte. 

Takk til alle som kom! Takk til alle som har bidrege med vinstar! Takk til alle som kjøpte lodd og årer! Takk til alle frivillige som laga mat, serverte og arrangerte basaren, så det vart ein kjekk kveld for alle som var til stades. 

 

     

"Paosmort" og kaker er nesten obligatorisk mat på ein basar i Sogn. 

     

Mange flotte vinstar.

 

      Dalklang syng under leiing av Leif Arne Nordheim. 

Alle bilete: Bente Leirdal Sleen. 

Tekst: Birte Husum

Tilbake