Nye Sogndal kyrkjelege fellesråd

Nye Sogndal kyrkjelege fellesråd

Publisert: 12.12.2019
Oppdatert: 12.12.2019

Samanslåinga av Leikanger, Balestrand og Sogndal kommunar frå 01.01.2020 får også fylgjer for organiseringa av kyrkja, då det skal vere eitt fellesråd for kvar kommune.

Det nye Sogndal kyrkjelege fellesråd var samla til konstituering 10. desember, og Per Hilleren frå Sogndal vart valt til leiar med Helge Ulvestad frå Balestrand som nestleiar.
Dei andre i fellesrådet er: Berit C. Orheim frå Fjærland, Jon Erling Oppedal frå Leikanger, Magne Ahlin frå Norum og May Kristel Bødal frå Kaupanger.
Sokneprest for Leikanger og Norum sokn, Vegard Bondevik Lie er geistleg representant og Frode Bøthun er kommunal representant. 
Kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide er sekretær for rådet.
 

Bildetekst:

Nye Sogndal fellesråd: Jon Erling Oppedal, Jorunn Merete Haukås-Eide, Helge Ulvestad, May Kristel Bødal, Frode Bøthun, Per Hilleren, Magne Ahlin, Vegard Bondevik Lie.
Berit C. Orheim var ikkje til stades då biletet vart teke.