Fredag 18. september vart den nye delen av gravplassen på Stedje kyrkjegard offisielt opna og vigsla.
Alle foto: Jostein Risa
Arrangementet var ope for alle og nokre møtte også fram i regnvêret. Sogndal kommune v/ordførar og varaordførar, entreprenør, landskapsarkitekt, soknerådsleiar i Stedje sokneråd, leiar i Sogndal kyrkjelege fellesråd og trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk var særskilt inviterte. Representant frå Human-Etisk Forbund møtte også til den offisielle opninga.
Bakgrunn for utviding av gravplassen
Det har vore ein lang prosess å få utvida gravplassen sidan det vart gitt ei orientering til kommunen om at det var få ledige graver att og minkande kapasitet på Stedje kyrkjegard i 2015. Faktisk har det gått 11 år fram til vi i dag kunne opne den nye delen av gravplassen. Resultatet er me likevel godt nøgde med og det har også gitt oss fleire moglegheiter for gravlegging enn me hadde tidlegare. Vi har fått namna minnelund, eigne gravfelt for urner, og fleire gravfelt for kister i tillegg til at me frå før hadde ein anonym (unamna) minnelund.
Ferdigattest frå kommunen vart gitt i vår og fellesrådet gjorde også då sitt vedtak om at utvidinga av kyrkjegarden var ferdig. Statsforvaltaren godkjente utvidinga i juni i år.
Les meir om prosessen her
Offisiell opning
Fredag 18. september vart utvidinga offisielt opna av varaordførar Frode Bøthun. Bøthun heldt ein fin tale i nærleiken av den namna minnelunden. Etterpå vart dette feira med kaffi og kake i Stedje kapell, der alle samla seg inne i ly for regnvêret.
Kyrkjeleg vigsling
Etter den offisielle opninga og samlinga i kapellet gjekk ein over til den kyrkjelege vigslinga av området. Ein gjekk då i prosesjon frå kapellet opp til den namna minnelunden for Dnk sin seremoni med kyrkjeleg vigsling. Prost Kjell Olav Nordheim, sokneprest Astrid Bondevik og sokneprest Vegard Bondevik Lie stod for den kyrkjelege vigslinga av området.
Vidare bruk av området
Sidan arbeidet har tatt tid har ein vore nøydd å ta området litt i bruk før den offisielle opninga og vigslinga, men no kan gravplassen takast i bruk for fullt.
Trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk er invitert til å utføre sine seremoniar for området om ynskjeleg, men ingen har so langt fremja ynskje om dette.