Orientering om prosessen og resultatet av utvidinga av Stedje kyrkjegard


Orientering om prosessen og resultatet av utvidinga av Stedje kyrkjegard


  • Prosessen starta i 2015 med orientering til kommunen om få ledige graver og minkande kapasitet på Stedje kyrkjegard. 

  • I 2016 vart første skisse til gravplassplanen utarbeida av landskapsarkitekt Gyril Fimreite, og lagt fram til handsaming for fellesrådet. Vidare vart det arbeidd med å utarbeide fullstendig plan samt andre rapportar som skal fylgje ein søknad. 

  • I oktober 2018 vart ein meir fullstendig plan handsama og vedteken av fellesrådet, geoteknisk rapport vart utarbeida av Norconsult og søknad om godkjenning vart sendt til vernestyresmaktene. 

  • Den nasjonale rådgjevaren for gravplassaker låg då under Tunsberg bispedøme, men er i dag flytt over til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. I april 2018 kom gravplassrådgjevaren med ein uttale i saka som omfatta fleire punkt som måtte rettast opp i. Gravplassplanen måtte då reviderast for å ta omsyn til merknadane, og revidert plan vart sendt inn i juni 2018.  

  • Det kom då ikkje merknader til den reviderte planen, men fylkeskommunen krov då arkeologisk registrering av området. Dette fekk me først i stand året etter – i 2019. Det vart gjort funn av dyrkingslag i 6 av 7 sjakter som vart gravne. 

  • Godkjenning av gravplassplanen vart så gjort at Bjørgvin bispedømeråd i 2020, og Sogndal kommune tok på seg prosjektansvar og lyste ut prosjektet på Doffin. Melheim entreprenør AS vart valt, og arbeidet starta rundt desember 2020 – først då med å fylle att sjaktene etter den arkeologiske registreringa. 

  • Etter opphaveleg plan skulle gravplassutvidinga vore sluttført 1. november 2021, men undervegs hadde det då kome opp ynskje om å få etablert ein namna minnelund, og i juni 2021 gjorde fellesrådet i nye Sogndal kommune vedtak om å etablere ein namna minnelund på Stedje kyrkjegard. Dette vart også kunngjort i kyrkjelydsbladet same haust. Arbeidet med utvidinga av gravplassen var då godt i gang, men det var likevel så pass tidleg i prosessen at det var mogleg å leggje inn ein slik minnelund i prosjektet. Ulike løysingar vart vurdert men fellesrådet fall til slutt ned på ei løysing som vart skissert av Gyril Fimreite som også laga den opphavlege planen for utvidinga. Marte Veivåg Aase var då prosjekt- og byggjeleiar i kommunen, og ho teikna ut det den endelege løysinga.  

  • Etablering av namna minnelund vert rekna som vesentleg endring, og ein måtte difor få godkjenning på denne endringa. Ny søknad om dette vart sendt i 2021, og ein fekk då godkjenning på dette i november 2021.  

  • Prosjektet var no på etterskot og vart sjølvsagt ytterlegare forseinka ved å leggje til opparbeiding av ein namna minnelund.  Det har også vore ein del forseinkingar kring steinmurane og det å få rett type stein m.m. Murane til den namna minnelunden stod ferdige til 17. mai i 2023, og i september fekk ein på plass skinnene og minneplatene og benkane. Hellene på bakken rundt minnesmerket kom på plass i 2025.  

  • Ferdigattest frå kommunen vart gitt i våren 2026 og fellesrådet vedtok då at utvidinga var ferdig, og Statsforvaltaren godkjente utvidinga i juni i år. 

  • Det har altså vore ein lang prosess med ulike forseinkinga undervegs, - faktisk 11 år sidan me orienterte om minkande kapasitet på gravplassen. Men resultatet er me godt nøgde med og det har gitt oss fleire moglegheiter for gravlegging enn me hadde tidlegare. I tillegg til den nemnde namna minnelunden har me no også eigne gravfelt for urner i tillegg til dei vanlege kistegrav-felta. Frå før har me også ein anonym minnelund. Til saman har dette gitt oss fleire alternativ for gravlegging her i Sogndal. 

Tilbake