Salmekveld med Helge Gudmundsen i Stedje kyrkje

Salmekveld med Helge Gudmundsen i Stedje kyrkje

Publisert: 05.11.2019
Oppdatert: 05.11.2019

Helge Gudmundsen er ein kjent profil frå NRK radio gjennom mange år med annsvar for andakten, Salmer til alle tider og Salmeboka minutt for minutt.

 

Den 29.nov kl 19.30 kjem Helge Gudmundsen til Stedje Kyrkje, dette er på dagen 5 år sidan programmet Salmeboka minutt for minutt starta og gjekk på NRK TV .

Helge Gudmundsen vil i Stedje markera 5.års dagen for oppstarten av Salme Boka minutt for minutt som var eit stort prosjekt i Nrk.

Helge Gudmundsen vil fortelje kva som skjedde i forkant, undervegs og i etterkant av prosjektet.

Dette vil verte ein kveld fylt med mykje sang frå Salmeboka, i tillegg vil og sangkoret Dalklang vil delta.

Arrangør: Stedje sokneråd