Leige Kyrkjelydshytta


Leige Kyrkjelydshytta


Kyrkjelydshytta  finn du på Nerestad i Sogndalsdalen, ca. 16 km frå Sogndal sentrum.
Hytta er eigd av Stedje sokn og er regulert til allmennyttige formål.

Foto: Karl Johan Ølnes

Hytta ligg i eit attraktivt område nær Sogndal skisenter og med fint turterreng for både sommar og vinteropphald. Hytta har innlagt vatn med nytt sanitæranlegg.

NB! Hytta er vinterstengt frå ca. desember og til påske, og er ikkje tilgjengeleg for utleige i denne perioden.
Kart til Kyrkjelydshytta på Google Maps (opnar i nytt vindu).

Lenger nede på sida kan du sjå bilete av Kyrkjelydshytta.

Ta kontakt med Sogndal Kyrkjekontor, tlf. 57679985 (klikk for å ringe), eller post.sogndal@kyrkja.no for å få meir informasjon om utleige og for bestilling av hytta.

Gjeldande prisar frå 01.01.2022
Minimum leige 2 døgn
Forlenging utover 2 døgn kr. 1.500,- pr døgn
Leige, pr helg (fre-søn) Vinter (1. nov - 1. mai): kr. 3.500,-
Sommar (2. mai - 31. okt): kr. 3.000,-
Leige, pr uke (7 døgn) Vinter (1. nov - 1. mai): kr. kr. 6.500,-
Sommar (2. mai - 31. okt): kr. 5.500,
Dagsbesøk/møte kr. 800,-
Utvask kr. 700,-
Vedsekk kr. 60,- pr sekk
   

Maks antall personar til overnatting i hytta: 15

Helsing styret for kyrkjelydshytta