Vi treng faste gjevarar til kyrkjelydsarbeidet og kyrkjestova.
Ved visitasen i 2013 fokuserte biskop Halvor Nordhaug på fire utfordringar som han gav vidare til Balestrand kyrkjelyd. Ei av desse var fast gjevarteneste og soknerådet har difor arbeidd med dette i tida etter visitasen. Vil du som ser verdien av arbeidet som vert drive i kyrkjelyden gå inn i ei fast gjevarteneste? Ved å fylle ut svarkupong AvtaleGiro og sende det til kyrkjekontoret kjem du i gang!
Gåveinntekter finansierer kyrkjelydsarbeidet
Balestrand sokneråd er glade for alle som er med og støttar kyrkjelydsarbeidet med gåver. Gåveinntektene er omtrent likt fordelt mellom kyrkjeoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet og gåver via bank, der mange nyttar den årlege giroen i kyrkjelydsbladet. Kyrkjelyden har store utfordringar framfor seg og to sentrale moment her er a) trusopplæringsreforma der kyrkjelyden skal gje tilbod til alle alderstrinn frå 0-18 år og b) bygging av ei kyrkjestove ved Tjugum kyrkje.
Vårt spørsmål til deg er om du kunne tenkje deg å gje bank-gåva di gjennom AvtaleGiro frå no av?
AvtaleGiro-ordninga reduserer kontorarbeidet
Administrasjon tek tid, og vi søkjer stadig etter løysingar som kan forenkle arbeidet. Fleire kyrkjelydar har rasjonalisert arbeidet med gjevartenesta ved å innføre ordninga med AvtaleGiro og har hausta god erfaringar. No gjev difor også Balestrand kyrkjelyd høve til å gje faste gåver via AvtaleGiro. Gåver som vert gjevne gjennom denne ordninga, vert overført elektronisk frå gjevar sin konto til soknerådet sin gåvekonto og vert på same tid registrert automatisk i vårt datasystem. Det vert samstundes enklare å rapportere inn gåver til skattestyresmaktene for alle som ynskjer skattefritak.
Enkelt og rimeleg både for gjevarane og oss.
For gjevaren er ordninga også svært enkel. Med AvtaleGiro let du banken din ordne betalinga for deg. Det er ikkje noko etableringsgebyr, berre eit transaksjonsgebyr som varierer frå bank til bank, frå kr.0,- til 3,-. Du har like godt oversyn over betalinga som før. På kontoutskrifta du får frå banken, kan du kontrollere at rett beløp er blitt overført og til rett tid. Du kan endre det terminvise gåvebeløpet når du vil, det er berre å gje beskjed til oss. Ynskjer du å seie opp avtalen, kan det enkelt ordnast med ein telefon til banken din eller du ordnar det sjølv i nettbanken.
Vi vonar at så mange som mogeleg vil bli med i ordninga.
Kva går pengane til?
Du som gjevar kan vere med og styre kva gåva di skal gå til og her er nokre døme:
a) Lokalt kyrkjelydsarbeid i Balestrand
Dersom du ikkje øyremerkar gåva spesielt vil soknerådet som no nytte gåveinntektene etter beste skjøn der behovet er størst. I årsrapporten er det lista opp døme på kva gåver og offer til lokalt arbeid vert nytta til trusopplæring, vaksenopplæring, diakonalt arbeid:
b) Kyrkjestova ved Tjugum kyrkje
Eit viktig prosjekt for kyrkjelyden har vore bygginga av ei kyrkjestove som i 2015 kom på plass ved Tjugum kyrkje. Sjølv om mange har gjeve rause gåver, står prosjekt kyrkjestove framleis med større utgifter enn inntekter og det trengst stadig gåvemidlar for å kome i hamn og for å drifte bygget. Når resten av bygget er finansiert vonar vi etter kvart også å kunne kjøpe inn lydanlegg, kaffitraktarar, koppar og fat, dukar osb.
c) Barne- og ungdomsarbeid / Trusopplæring
Mange ser det gode arbeidet som går føre seg med trusopplæring og vil ynskje å øyremerke gåva til det viktige arbeidet blant born og unge i Balestrand.
Om du vil støtte lokalkyrkjelyden gjennom fast gjevarteneste kan du laste ned og fylle ut DETTE SKJEMAET (svarkupong AvtaleGiro) og sende det til kyrkjekontoret.