Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det tyder at de må fylle inn en del opplysninger. Prøvingsattesten de får frå Skatteetaten, må sendast kyrkjekontoret før vigselen.
Det er folkeregisteret ved Skatteetaten som skriv ut prøvingsattest, det dokumentet som gjev høve til å inngå ekteskap i tråd med norsk lov.
Skatteetaten har ei fin side med god informasjon, skjema og så vidare (opnar i nytt vindu).
Brur, brudgom og to forlovarar må fylle ut og signere kvar sine skjema. På grunnlag av desse skjema skriv Skatteetaten ut «Prøvingsattest frå folkeregisteret».
Dette dokumentet viser at det etter norsk lov ikkje er noko til hinder for å inngå ekteskap. (Merk: Attesten er berre gyldig i 4 månader, så det er ikkje noko poeng å søkje før det er 4 månader att til vigselen.)
Denne prøvingsattesten får de tilsendt på Altinn.no og han må sendast til kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigselen. Sakshandsamingstida er kort (nokre dagar) når alt er "rett fram", men dersom saka må handsamast manuelt kan det gå fleire veker. Vi kan ikkje gjennomføre vigsel utan dette dokumentet, så det er viktig å hugse dette i god tid! Fordi attesten inneheld sensitive opplysningar bør attesten ikkje sendast til oss som vedlegg i e-post, men bruk i staden
lenke for sikker (kryptert) sending til kyrkjekontoret.
Vi stemplar og signerer prøvingsattesten i fleire eksemplar. Etter vigselen får de med dykk eit eksemplar som fungerer som midlertidig vigselsattest. Eit anna eksemplar vert sendt til skatteetaten av oss og dannar grunnlag for utskriving av endeleg vigselsattest frå folkeregisteret/skatteetaten.