Ikkje set gravlys utanfor lukka lykter


Vi ber om at lause gravlys ikkje vert sett opp utanfor lukka lykter på gravplassane i Sogndal.

 

Det er fleire grunnar til at vi ber om dette:

Brannfare: Slike lause lys kan lett kvelve i vinden slik at kransar, blomar, gras etc kan ta fyr.

Fuglar tek og slepp ned gravlys og kan forårsake skade: Det er jamleg observert at fuglar, oftast kråker, skjorer eller måsar, tek med seg lys som står utanfor lykter. Desse slepp dei ned på hardt underlag frå høgder på opp til 20 meter for å knuse dei og ete talgen/stearinen. Dei kan også miste lysa undervegs. Dette kan då forårsake skade på menneske, hus, bilar eller andre ting i tillegg til at det er eit miljøproblem.

Metall/plast hamnar i dyrefor: Vi har også fått bekymra meldingar frå bønder som har fått gravlykter ut på jorda sine (gjerne typen i plast med metallok) av vind eller fuglar. Dei har då fått delar av metall og plast inn i vintermaten via forhaustaren, noko kyr og andre dyr kan få alvorleg og potensielt dødeleg skade av.

Desse siste momenta gjeld også LED-lys.

Oppmoding til ryddedugnad

Vi bed av grunnane over alle som ferdast på gravplassane om å hjelpe oss og miljøet ved å plukke med seg og kaste brukte gravlys i restavfallet.

Tilbake