Vel møtt til babysong, alle foreldre som er heime med barnet i permisjon!
Babysong er eit populært tilbod i trusopplæringa, og er opent for alle foreldre og born i alderen 0-1 år. Samlingane startar kl. 11.00 med songstund og avsluttar med lunsj. I haust ber me alle ta med seg nistepakke sjølve. Me plar vera ferdige ca.kl. 12.30. Vel møtt :)
Hausten 2020 møtast me desse datoane
NB! Det er ikkje babysong i veke 41 og 42.
Sogndal: Song i Stedje kyrkje kl 11. Lunsj i Stedje kapell ca 11.30.
MAKSIMUM: 11 babyar med ein føresett kvar.
|
26. august
02. september
09. september
16. september
23. september
30. september
|
Kaupanger (bedehuset)
MAKSIMUM: 13 babyar med ein føresett kvar
|
21. oktober
28. oktober
04. november
11. november
|
Leikanger (Kyrkjelydshuset)
MAKSIMUM: 13 babyar med ein føresett kvar.
|
27. august
03. september
17.september
1. oktober
22.oktober
5.november
|
|
Følg Trusopplæring - kyrkja i Sogndal på Facebook
|
Me har ekstra fokus på hygiene, etter gjeldande retningsliner. Me desinfiserer mattene babyane ligg på, og vaskar alle berøringsflater.
Ta med dykk:
- Nistemat
- Eigne leiker til babyar
- Evnt eit teppe babyen kan liggja på, om de ynskjer det.
Me byr på kaffi/te og vatn.
Grunna avstandsreglar kan ikkje medhjelparar passe/halde babyar slik som før. Heldigvis når smil og gode ord lenger enn ein meter. Me unngår felles bruk av gjenstandar, og kjem ikkje til å sende rundt instrument o.l. Det vil nok verte nokre endringar i repertoaret også på grunn av dette, men det kan jo vere positivt.
Då det er nøye utrekna kor mange som kan få plass i dei ulike lokala med ein meters avstand, har me sett ei maksimumgrense på kor mange me kan ha med (sjå oversikta over).
Sidan kapellet i Stedje har relativt liten plass, nyttar me kyrkja til songstund i tida før haustferien, då kulda set inn. Etter songstunda flyttar me oss til Stedje kapell for kaffi/te og nistemat. Me ser fram til å kunne bruke lokala i det nye Stedjetunet på nyåret 2021. Seinhaustes i år vert det babysong på Kaupanger bedehus. På Leikanger vert kyrkjelydshuset brukt som tidlegare, men med gjeldande smitteverntiltak
Har de spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar i trusopplæringa, Birte Husum på telefon 947 98 799 eller e-post birte@sogndal.kyrkja.no.
