Sjå videogudsteneste her!


Søndag 10. januar frå kl. 09:00 kan du følgje ei 15 minuttar lang videogudsteneste frå Kyrkja i Sogndal, med opptak frå både St. Olafs kyrkje i Balestrand og Stedje kyrkje i Sogndal.

 

I alt 7 ulike gudstenester i Sogndal kommune måtte avlysast denne søndagen. Som eit alternativ har me sett saman ei videogudsteneste med utgangspunkt i søndagens preiketekst frå Markusevangeliet, om Jesus som vert døypt av Johannes i Jordanelva.

Medverkande er alle prestane i Sogndal kommune: Kjetil Netland, Kathrine Valle, Mikael Bruun, Andreas E Danbolt og Vegard Bondevik Lie. I tillegg deltek trusopplærar Birte Husum med salmesong, kantor Arild Slinde på Stedje kyrkjeorgel og kyrkjetenar i Stedje, Bente Leidal Sleen.

Videoen finn du i linken nedanfor frå kl 09:00 søndag morgon.

Videogudsteneste 10.01.2020 på Youtube

Tilbake