TÅRNAGENTDAG for 2012-kullet utsett til 8.mai.


Tårnagentdagen som me inviterte til 9. januar for dei som fylte 8 år i 2020 er UTSETT TIL LAURDAG 8.MAI i Ølmheim kyrkje.

 

Då nye smittevernreglar sette inn på nyåret, kunne me ikkje arrangere tårnagentdagen som planlagt 9.jaunar.  Me ynskjer ikkje å avslyse denne kjekke dagen, og eit digitalt alternativ vert ikkje så spennande. Difor håpar me at mange kan samlast 8.mai i staden, på sjølvaste frigjeringsdagen. Me startar truleg kl 11. Alle agentar skal få kvart sitt agentbevis, vera med og løysa spennande mysterier og få oppleva kyrkjetårnet. Samlinga vert avslutta inne i kyrkja med ei lita gudsteneste. Det vert truleg avslutta kl 15 den dagen.

Me vil sende ut nye invitasjonar når det nærmar seg. Det er medlemmar og innmeldte tilhøyrige som får invitasjonen i posten, men andre interesserte er hjarteleg velkomne til å melde seg på. 

 

Medan du ventar: Sjå denne filmen: "Tårnagentklubben – jakten på den stille stemmen» på Youtube. Høyr på Tårnagentsongen og sjå filmar om tårnagentar der. Då ser du noko av det som kan dukke opp på dagen vår. 

 

 

 

 

 

Inviter med deg ein vaksen!

Vil du ha ein vaksen med deg? Ein som likar å klatre i tårn og løyse agentoppdrag? Me treng englevaktar, som kan vere med å gjere det trygt og fint for tårnagentane den stunda me er saman. Englevaktar følgjer ei gruppe/kohort rundt på dei ulike aktivitetane dei skal gjere. 


 

Tårnagentdagen kostar 50,- for agentane og ein kan betale med Vipps! De får melding om dette når påmelding er registrert.

 

 

Påmelding: Frist innan 5.mai.

Send ein SMS eller e-post til Birte som inneheld:

  • Fullt namn på tårnagenten.
  • Namn og telefonnummer til foreldre.
  • Kva klasse barnet går i og/eller leikeven(er) som de veit skal vere med. Dette for at me kan lage kohortar etter kven som er saman til vanleg. (Me prøver å lage fleire små grupper).

 

 

Frå kyrkjestaben vert med:

 

Prest: Vegard B. Lie

Kyrkjetenar: Cristina Sandor

Organist: Arild Slinde

Trusopplærar: Birte Husum

Med venleg helsing Fjærland, Kaupanger, Norum, Leikanger og Stedje sokn

 

 

 

V/ Birte Husum, leiar for trusopplæringa

Tlf. 947 98 799

birte.husum@sogndal.kyrkja.no

 

(PS: Det blir Tårnagent-dag for 2013-kullet i oktober.) 

Tilbake