Tid for tru i Balestrand hausten 2020


Velkomen til å bli med på ein ny runde med TID FOR TRU. Denne hausten skal vi ta føre oss Johannes openberring. Det er ei bok som var til trøyst for dei fyrste kyrkjelydane i ei tid med forfølgingar mot dei kristne. Det er ei spennande, men også for mange ei ubegripelig og skremmande bok.

 

Det vert fem samlingar med undervising og samtale. Vi byrjar med kveldsmat. Deretter er det undervising ved Gunn Berit Bøthun og Kjetil Netland, samtale i grupper og ei kort avslutning. Siste kvelden vert det ikkje undervising, då vil vi lese høgt heile Openberringsboka i samanheng.

Vi startar kvar samling med å ete kveldsmat ilag (kr. 50,-).

For å berekne mat er det fint med ei påmelding til:
Soknerådsleiar Kari Kvikne: k-kvikne@online.no / Telefon: 920 34 852
eller
Sokneprest Kjetil Netland: Kjetil.Netland@sogndal.kyrkja.no / Telefon: 911 03 134

Samlingane vert på Bedehuset Betel følgjande onsdager frå 19.30 - 21.45:

  • 16. september: Sjå kven Jesus er (Op 1 og 4-5)
    Synene frå Patmos. Uttryksmiddel og struktur i boka.
  • 30. september: Sjå kven vi er i Kristus (Op. 2-3 og 7)
    Historie, geografi og samtid. Breva til dei sju kyrkjelydane
  • 14. oktober: SJå kva som hender i den siste tida (Op 6, 8-11 og 15)
    Korleis tolkar vi denne boka, med mykje bilete og symbolikk?
  • 28. oktober: Sjå kva som hender med Jesus sine vener (Op. 10-13 og 19-21)
    Skremsel eller trøyst? Korleis les vi denne boka?
  • 11. november: Vi les heile Openberringsboka
    Vi les høgt heile Johannes openberring

Arrangør: Balestrand sokneråd og Bedehuset Betel

 

Tilbake