Ledig 30% organiststilling


Det er ledig 30% stilling som organist frå 01.12.20 eventuelt frå 01.01.21.

Stillinga får Sogndal kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, men med Balestrand sokn som hovudarbeidsområde.  Stillinga får hovudansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet i Balestrand sokn.

 

 

Kyrkja i Sogndal er ein aktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette. Til saman utgjer staben 15 fellesrådstilsette, 4 prestar og 1 prost. Me vil gjerne ha med DEG på eit lag som er engasjert i kyrkjemusikk og kyrkja sitt arbeid!

Det er ledig 30% stilling som organist frå 01.12.20 eventuelt frå 01.01.21.
Stillinga får Sogndal kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, men med Balestrand sokn som hovudarbeidsområde.  Stillinga får hovudansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet i Balestrand sokn.

Me søkjer etter ein person med relevant utdanning som organist/ kantor.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebu og gjennomføre det musikalske knytt til gudstenester og kyrkjelege handlingar. Dette omfattar også kyrkjelyden sin song, orgelspel, konsertar, musikkformidling og rådgjeving.
  • Deltaking med kyrkjemusikalsk medverknad i konfirmantundervisning og anna aktivitet i kyrkjelyden.
  • Knyte kontakt og samarbeide med eksisterande musikkmiljø
  • Samarbeid med andre tilsette

Me kan tilby:

  • løn etter tariff og kvalifikasjonar
  • pensjons- og forsikringsordning i KLP

Det vert kravd medlemskap i Den norske kyrkja. Det vert kravt oppdatert politiattest ved tilsetting. Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle i samsvar med gjeldande regulativ. Kvelds- og helgearbeid må reknast med. Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar som evne til samarbeid, organisering og god kommunikasjon verte særleg vektlagde.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Sogndal kyrkjekontor v/ kyrkjeverja på telefon 57 67 99 85. 
Kortfatta søknad med CV sendast via e-post til kyrkjeverje@sogndal.kyrkja.no

Søknadsfrist: 15. september 2020.

Klikk her for stillingsomtale

 

 

Tilbake