Leikanger kyrkje er låst


Av smittevernomsyn vert Leikanger kyrkje inntil vidare låst når det ikkje er arrangement i kyrkja.

 

 

 

I mange år har kyrkjedørene i Leikanger stått opne heile tida. Dette har vore kjærkome og ønskt av mange, og har vore ein vilja politikk frå soknerådet. Galleriet og sakristiet har vore avstengd med alarm, og lause verdigjenstandar innelåst. Gjesteboka i våpenhuset har synt oss at folk frå heile verda har vore innom og sett pris på å kome til ei vakker kyrkje som stod open.

Men av omsyn til smittevern vert no heile kyrkja låst inntil vidare. Det heng saman med at når me ikkje har kontroll på kven og kor mange som har vore innom kyrkja, vert det heilt uoversiktleg med tanke på reinhald, spesielt med tanke på ekstra reinhald me no er pålagde i samband med pandemien, for å redusere smitte.

Om nokon ynskjer å kome inn i kyrkja utanom når kyrkja er open i samband med gudstenester, kyrkjeleg handlingar og andre arrangement, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Tilbake