LUKAS-EVANGELIET PÅ LETTLEST NORSK I ENGELSKYRKJA


For fyrste sommaren sidan 2. verdskrig vert det ikkje engelske prestar i engelskkyrkja i år.

 

Balestrand sokneråd og Vener av St Olafs kyrkje vil difor lage eit sommartilbod på norsk i engelskkyrkja. Frå jonsok til skulestart vert det ei enkel kveldssamling kvar tysdag, torsdag og sundag kveld kl 20.30. Kvar kveld les vi eit kapittel frå Lukasevangeliet frå ei heilt fersk omsetjing til nynorsk. Bibelselskapet held nemleg på med ei utgåve av Det nye testamentet på lettlest norsk. Lukasevangeliet er det fyrste skriftet som vert omsett. Vi får i sommar lese frå denne omsetjinga. Så no har du sjansen til å vere mellom dei fyrste i landet som får høyre denne nye omsetjinga.

Vi treng friviljuge til å vere kyrkjevert, til å leie samlinga og til å lese. Kan du bidra ein eller fleire kveldar, er det fint om du tek kontakt med sokneprest Kjetil Netland, 91103134 på telefon eller melding.

Tilbake