Til dykk som kjøpte PÅSKETIDSVANDRING.


Balestrand sokneråd vedtok i møte 11. juni å gje overskotet av sal av Påsketidvandring – VIA LUCIS til Det norske misjonsselskap i samband med aksjonen Krafttak for misjon:

 

Vi selde i alt 56 seriar av VIA LUCIS. Det var ein utruleg mykje større respons enn kva vi budsjetterte med. Vi håpte på at vi skulle klare å gjennomføre prosjektet utan å gå i underskot. I staden vart det eit solid overskot på ca kr 29.000,-

Vi trur at den store responsen heng saman med at kyrkjene var stengde i koronatida, og at denne vandringa var eit alternativ til vanlege gudstenester. Balestrand sokneråd vil difor gje dette overskotet som kjem frå korona til å bøte på dei som har store tap pga korona. 

Krafttak for misjon er ein aksjon som skal hjelpe misjonsorganisasjonane som slit med store underskot pga korona.

https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/nyhetsarkiv/saman%20som%20kyrkje%20i%20heile%20verda/

 

Med helsing frå

 

Balestrand sokneråd                      

Kari Kvikne, leiar                              Kjetil Netland, sokneprest      

Tilbake