Tårnagent og Lys Vaken 2020


8- og 11-åringar; FØLG MED HER!

 

Det er mykje som vert snudd opp ned eller endra på i 2020 grunna koronautbrotet.


TÅRNAGENTDAG FOR 8-ÅRINGAR (2012-kullet)

Me hadde i utgangspunktet sett opp Tårnagent-dag i Ølmheim kyrkje til 17.oktober. Då konfirmasjonane er flytta til oktober, vert Tårnagentdagen flytta til 9.januar 2021. Dette gjeld Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. Det vil verte påmelding via heimesida. Tårnagent 2019

Tårnagent er eit trusopplæringstiltak der 8-åringane får gå på oppdagingsferd i kyrkja. Ein får mellom anna kome opp i kyrkjetårnet, lære om ulike ting i kyrkja, løyse gåter og hemmelege oppdrag. 

Foto: Birte Husum

Det er eit stort høgdepunkt å få vere tårnagent. Du får eit eige agentbevis, og du blir kjent med andre åtteåringar. Visste du at dei første kristne også brukte hemmelege koder når dei traff kvarandre? Det får du lære meir om på Tårnagentdagen. Har du lyst å ha med deg ein vaksen? Me har bruk for nokre englevakter.

Ein englevakt kan vere ein forelder, ein fadder, ein besteforelder eller nokon annan du tykkjer det er kjekt å ha med deg. Englevaktane følgjer gruppa dei skal vere med heile dagen.

Englevakten meldast på samen med tårnagenten. Det er heilt greit å kome utan englevakt også.  

Her kan du sjå eksempel frå Tårnagent ein annan plass i landet: Tårnagentfilm frå Youtube

Og her kan du øve på Tårnagentsongen


LYS VAKEN FOR 11-ÅRINGAR

Lys Vaken for 11-åringar er planlagt til 21. - 22. november. Dette vert i Leikanger eller Ølmheim kyrkje. Nærmare informasjon kjem, og det vil verte påmelding via heimesida. 

Lys vaken er eit trusopplæringstiltak for 11-åringar, der ein feirar det nye kyrkjeåret som byrjar ved advent. Det vert leik og moro, gudstenesteverkstad, kyrkjekino med filmgodteri, og ikkje minst overnatting i kyrkja. Lys Vaken vert avslutta med ei familiegudsteneste om søndagen. 

Foto: Andreas Buarø.

Her kan du øve på Lys Vaken songen


FRIVILLEGE NATTEVAKTER TIL LYS VAKEN

Me er avhengig av frivillege til å vere nattevakter om me skal kunne overnatte i kyrkja. Om dette er noko du kan tenke deg, meld frå til Birte Husum snarleg.  


DENNE ARTIKKELEN VERT OPPDATERT.

Birte Husum, trusopplæringsleiar for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.

Ta kontakt ved spørsmål: birte.husum@sogndal.kyrkja.no

 

Tilbake