Korona-krisa i Mali


Korona-viruset spreier seg no raskt på det afrikanske kontinentet. Balestrand kyrkjelyd har misjonsavtale i Mali via NMS og her kjem litt oppdatert informasjon om situasjonen.

 

Bilete: Presidenten i Mali, Ibrahim Boubakar Keita, tala til folket 10. april 2020. Utsnitt av foto frå Jeune Afrique.

Korona-viruset spreier seg no raskt på det afrikanske kontinentet. Det vil få store konsekvensar i samfunn som er svakt rusta til å ta seg av eit stort tal sjuke. Mange land er frå før råka av tørke og svolt. Det er store utfordringar med å gjennomføre naudsynte hygienetiltak.  I heile Afrika er det færre enn 2000 respiratorar.  Somalia med 15 mill innbyggjarar har ingen. Nigeria, med over 190 millioner innbyggjarar, har færre enn 100 respiratorar. Mali med 19 millionar innbyggjarar har om lag 30 respiratorar.

I Mali kjem korona-krisa i tillegg til ei alvorleg tryggleikskrise, med opprør, religiøs ekstremisme og etniske konfliktar. Opposisjonsleiaren i landet er kidnappa av islamistar. Mange folk er redde og dei er trøytte av problema. Ver med og be for land og folk, for styresmaktene, og for kristne kyrkjer og misjonsarbeid.

Balestrand kyrkjelyd har samarbeidsavtale med Det norske Misjonsselskap om å støtte og be for arbeidet i Mali.

Be for menneska og styresmaktene i Mali.

Be for dei kristne fulanarane og for  samarbeidskyrkja vår i Mali. Be for arbeidet som Det norske Misjonsselskap deltek i, MELM. Be for dei fire afrikanske misjonærfamiliane som arbeider i Mali.

Du kan gje ei gåve til NMS sitt arbeid i Mali via VIPPS til Balestrand sokn (137665) eller til Balestrand sokn sin konto 3805.10.32583. Merk betalinga med NMS Mali.

Du kan lese meir her:

https://nms.no/bli-med/be-en-bonn/

https://www.nrk.no/urix/smitten-sprer-seg-i-afrika_-over-1000-dode-av-covid-19-1.14987139

https://infogram.com/nombre-de-cas-de-coronavirus-en-afrique-par-pays-1h7g6kv3v9j04oy

Tilbake