Kyrkja i Sogndal nett no


Informasjon frå sokneråda, diakoniutvala og sokneprestane

 

No er det ei utfordrande tid for alle, anten ein er smitta av Corona eller ikkje. Me skal alle i solidaritet med storsamfunnet ta omsyn og følgje reglane som er bestemte av styresmaktene, når det gjeld hygiene og om å unngå folkesamlingar.
Gudstenestene i heile landet er avlyste i minst ei veke til. Truleg også i påska. Sjølv om gudstenester og andre samkomer er avlyste, kan vi kjenne på fellesskapen på andre måtar:

Til dømes har vi hengt opp nokre bøner og gode bibelord for denne spesielle tida på Tjugum kyrkje, Sæle kyrkje og St Olafs kyrkje. Så om vi ikkje kan møtast inne i kyrkjene, kan vi kjenne på fellesskapen ved Guds hus.

For nokon vil dette uansett vere ei vanskeleg tid med færre møteplassar der ein kan treffe andre menneske. Tankane om det usikre med ein mogleg smitte kan ta overhand, slik at ein treng nokon å snakke med. 
Kyrkja skal heile tida vere tilgjengeleg, om ikkje med personlege møte, så i alle fall  gjennom telefon og Internett, der ein alltid skal kunne treffe nokon ein kan dele tankane med.

I kyrkja i Sogndal er vi fleire personar du kan kontakte:

Sokneprest i Sogndal og Fjærland Mikael Bruun på tlf 406 09 941
Soknediakon Gitte Th.Torstad på tlf. 974 16 519
Sosionom og leiar i Diakoniutvalet Margunn Lomheim på tlf.480 01 157
Ungdomsprest og konfirmantansvarleg Andreas Danbolt på tlf481 88 476
Sokneprest i Leikanger og Kaupanger Vegard Bondevik Lie på tlf 906 19 080
Sokneprest i Balestrand Kjetil Netland på tlf 911 03 134 
Tidl.diakon i Balestrand Kjersti Brudvik på tlf 402 47 691
Tidl.psykiatrisk sjukepleiar i Balestrand Ingun Ulvestad på tlf 913 63 157

Vi kan vere ein samtalepartnar for deg,

Dersom du er busett i Stedje eller Kaupanger sokn, er det personar i diakonien som kan hjelpe til med praktiske oppgåver som må løysast: Gjere innkjøp eller ordne andre ærend som du ikkje har høve til sjølv akkurat no

Born har ofte mange spørsmål i krisetider. Både foreldre og born kan gjerne ringe til

Kyrkjelydspedagog i Balestrand Magni Åm Risa på tlf 466 97 476

Nabokontakten er også viktig. Kjenner du nokon som er mykje åleine, så ta kontakt med han eller ho som ikkje har mange nærpersonar rundt seg.  Å ha nokon å prate med er godt for alle.

Kyrkjerådet skriv: «Kyrkja sitt tilbod er svært endra. Likevel kan du tenne lys og be bøner digitalt, og du kan prate med nettprestar.»
På nettsida "Fellesskap i lystenning, bøn og samtale" kan du gjere dette.
Kvar dag kl.12.00 vert det lagt ut video med andakt, bøn og musikk frå Mariakirken i Bergen.
Du finn også andaktar på  «Søndagstanker» som er fine å lese.

Kirkens SOS på tlf 24 40 00 40 kan du òg ringe til om du treng nokon å snakke med.

Kyrkja - for deg !

Tilbake