Tips til aktivitetar i heimen (oppdatert)


Det kan vere travelt, men også fint å ha «husarrest» i lag med eigne born. Her kjem nokre tips til store og små.

 

08.04.2020: No med nokre nye og oppdaterte lenkjer nedst i artikkelen.

Det kan vere tøft å måtte halde seg heime over lenger tid, men det kan også vere fint. Vi er ulike når det gjeld energi, kreativitet, fasilitetar og tal på born, men anten du har eitt barn eller ein heil skokk, kan det vere ei hjelp å lage nokre faste rutinar. Både born og vaksne er vande med og treng faste haldepunkt. Dette kan vere søvn og måltid til faste tider, men også andre typar «samlingar» og aktivitetar.

Det er flott å til dømes legge inn ei dagleg «lesestund». Ein treng ikkje vere utdanna pedagog for å lese ei bok eller fleire i lag med borna. Ein kan også synge songar, med eller utan rørsler. Her har kanskje borna ynskje eller favorittar. På Tidal, Apple music og Spotify finst det ferdige spelelister t.d. frå Mi kyrkjebok.

NB Vi treng ikkje fylle heile dagen med aktivitetar! Borna kan fint vere med på kvardagslege syslar som matlaging og oppvask.

Dei kan òg sysselsette seg sjølve. Det kan vere lurt (og tidssparande) å la leiker og teiknesaker ligge framme i staden for å rydde dei vekk, då er det lettare for borna å halde fram «der dei slapp».

Det finst også mange ulike spel og nettressursar, t.d:

Bibelappen for barn er gratis og gjev ei ny og spennande bibeloppleving. Han presenterer Bibelen som ei levande historiebok på smarttelefon eller nettbrett. Han har òg spel og aktivitetar som hjelper borna å hugse det dei har lært. Kan lastast ned her: Bibelappen for barn (AppStore) eller her: Bibelappen for barn (GooglePlay)

Speleappen Takk for i dag inneheld to spel, KYRKJA og HUSET, med spennande aktivitetar for born i alderen 2-5 år, der born og vaksne kan bli kjent med dåp og det å be kveldsbøn. Appen inneheld ein dåpssalme og fleire fine kveldsbøner. Forteljestemma finst på bokmål, nynorsk, engelsk og tysk. Karakterane i appen er henta fra fireårsboka «Linda og den vesle kyrkja», men det er ikkje naudsynt å kjenne boka for å ha glede av appen. Last ned appen gratis via Takk for i dag (AppStore) eller Takk for i dag (GooglePlay)

Her finn du også Speleappen Veien (6+) med mange varierte oppgåver: Memory- og ryddespel, gjenkjenning av figurar og symbol, orkester med val av instrument. Spelet krev ikkje lese- eller skrivekunnskap. Med utgangspunkt i det som skjer i kyrkja – ved gudstenester, dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder – får born og ungdom eit verktøy til å tolke liv og natur, kultur og religion. Lastast ned her: Veien (AppStore) eller Veien (GooglePlay)

NMS har publisert ein ressurs til bruk i familiene som no har mykje meir tid i lag: https://nms.no/nyhet/hva-skal-vi-finne-pa-na/

Det finst også mykje godt materiell på superblink.no. Bak denne sida står NLM Ung, Norea Mediemisjon og IMF Ung. Ein kan kjøpe abonnement, men ein god del av innhaldet er fritt tilgjengeleg.

Likar borna dine å fargelegge, er det mogeleg å skrive ut fargeleggingsark til dømes frå fargelegg.no eller bibel.tegninger.eu. Her er nokre ark med motiv frå påskeveka: Inntoget i Jerusalem og  Jesus vert dømd.

Lukke til!

Har du spørsmål eller innspel?

Ta gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Magni Åm Risa på
mobil: 466 97 476 eller e-post: magni.risa@sogndal.kyrkja.no

Tilbake