Endringar av tenester og tilbod i kyrkja. Oppdatert 8.mai


Vi kan med glede melde at mot slutten av mai vil vi i Sogndal gradvis starte med gudstenester att, i dei fleste av kyrkjene for inntil 50 personar i tillegg til dei medverkande.

 

Oppdatert 08.05.2020

Føresetnaden for dette er at alle tiltaka i den heilt nye smittevernrettleiaren for kyrkja har kome på plass. Når vi har fått dette i orden, vil dei dei same reglane også gjelde ved vigsel, dåp og gravferd. Det vil framleis finnast alternative tilbod på TV, Radio og Internett.

Sjå også råd og retningslinjer frå Bjørgvin bispedøme.oppdatert 8.mai

Gudstenester

Gudstenester som vert opne for inntil 50 personar vil bli kunngjort og lagt ut i kalenderane her på heimesida så snart informasjonen er klar. Dei første gudstenestene i kommunen våre vert helgetorsdag 21. mai. Det skal då vere minst 1 meter avstand mellom alle (unntak for dei som bur i same husstand). Personar som er sjuke (t.d. luftvegssymptom eller feber) kan ikkje vere med. For dei som ikkje har høve til å møte i kyrkja har NRK som vanleg gudstenester på radio og TV (NRK 2). Kyrkjelege tilbod på Internett. På 17. mai vil det verte publisert kort gudsteneste med innslag frå dei fleste kyrkjene i kommunen. 

Stedje kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Leikanger kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Tjugum kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Sæle kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Ølmheim kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Fjærland kyrkje, inntil 50 personar (i tillegg til medverkande)
Kaupanger kyrkje, inntil 30 personar (i tillegg til medverkande)

Kvamsøy kyrkje vert for tida ikkje nytta til samlingar pga vanskar med å halde smittevernreglane ved båttransport til øya.

Konfirmasjonsgudstenestene våren 2020 er utsett til oktober, sjå eiga sak om dette.

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast med innitl 50 personar av pårørande, familie og vener til stades i kyrkja -  i tilegg til dei medverkande, på same måte som ved gudstenester. (Unntak: Kaupanger med maksimalt 30 personar utanom dei medverkande). Det skal vere minst 1 meter avstand mellom alle. Personar som er sjuke (t.d. luftvegssymptom eller feber) kan ikkje vere med.

Dåp

I samband med korona-pandemien har vi for tida eigne dåpsgudstenester med inntil 50 personar av dei næraste til stades (30 i Kaupanger kyrkje). Det er elektronisk påmelding, og vi har som ei midlertidig løysing oppretta ei "imaginær" gudsteneste på datoen måndag 15.juni der du melder på dåp og legg inn info om dåpsbarn, føresette og fadrar i skjema. Så må du ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 57 67 99 85 for å avtale konkret dato ein dag i perioden mai-august (gjerne på vekedagar). Dåpspåmeldinga finn du HER. Dersom det vert opna for fleire deltakarar enn 50 ved gudstenester, vil det igjen bli opna for påmelding til konkrete gudstenester. Det er også mogeleg å ha heimedåp med seinare stadfesting av dåpen i ei gudsteneste.

Vigsel

Vigsel (bryllaup) kan no gjennomførast etter same reglar som for gudstenester med inntil 50 personar til stades i tillegg til dei medverkande i dei fleste kyrkjene. I Kaupanger stavkyrkje og St. Olafs kyrkje i Balestrand er grensa inntil 30 personar i tillegg til dei som gjer teneste. Det skal vere 1 meter avstand mellom alle (unntak for dei som bur i same husstand). Personar som er sjuke (t.d. luftvegssymptom eller feber) kan ikkje vere med..Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir informasjon.

Trusopplæring og diakoni

Det er no også utarbeidd ein smittevernrettleiar for arbeid blant born og unge. Informasjon om når samlingar knytt til trusopplæring kan starte opp att vert lagt ut når det er avgjort. På nettsidene våre under "Born og Unge" kan du finne tips og ressursar til heimeaktivitetar.

Når det gjeld diakoni, sjå denne artikkelen frå heimesida vår. Her står det også kontaktinfo dersom du ynskjer samtale eller kontakt med prest eller diakon. 

Saka var først publisert 12.03.2020, sist oppdatert 08.05.2020.

 

Tilbake