Trusopplæring i Balestrand


Lurer du på kva som skjer i løpet av året, eller kva du som forelder eller fadder kan bidra med?

 

Det å lære opp komande generasjonar i den kristne trua er eit felles ansvar. I Balestrand har vi mange arenaer for slik opplæring, både i regi av kyrkja og ulike frivillege organisasjonar. Så er det opp til foreldre, fadrar, andre pårørande eller familievener å oppmuntre og hjelpe borna til å delta.

Her kjem eit kort oversyn over trusopplæringstiltak i Balestrand.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og her er nokre tips til kva den einskilde kan bidra med:

Foreldre kan: Be for og saman med barnet, be eller synge bordbøn og kveldsbøn, lese i barnebibel eller andre kristne bøker, ta borna med på gudstenester og trusopplæringstiltak, snakke om trua og oppfordre borna, og etter kvart ungdommane, til å reise på leir. Det betyr mykje at vi som vaksne tek borna og ungdommane våre på alvor og vågar å lytte og snakke om liv, tru, død og andre tema og spørsmål dei er opptekne av.

Fadrar kan: Be for barnet, feire dåpsdagen saman med barnet, invitere barnet med på gudsteneste, vere med når barnet får 4-og 6-årsbok, delta som medhjelpar på trusopplæringstiltak, gje praktisk støtte når det trengst. Tips til trusbyggande faddergåver: gode bøker tilpassa aldersgruppa eller gåvekort på leir i kristen regi.

Lukke til med trusopplæringa! Har du spørsmål eller innspel, ta gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Magni Åm Risa, m. 466 97 476, magni.risa@sogndal.kyrkja.no

Tilbake