AVLYST: "Moren - Påskeevangeliet" av Håvard Rem - Teaterframsyning i Tjugum og Leikanger


TeaterVestland (tidlegare Sogn og Fjordane teater) har måtte avlyse forestillinga "Moren - Påskeevangeliet" av Håvard Rem som skulle vore spela  i Tjugum kyrkje tysdag 24. mars og i Leikanger kyrkje laurdag 4. april. Dette på grunn av den alvorlege situasjonen og no nye reglar frå regjeringa. Framsyninga er siste monolog i triologien om Messias.Publikum vil verte kontakta for refusjon av billettar.

 
Foto: Espen Nyttingnes
Tjugum kyrkje Tysdag 24. mars kl. 19.00
Leikanger kyrkje Laurdag 4. april kl. 18.00

Kjøp billettar her

Historia om Jesus har alltid blitt fortald av menn, men historia rommar også mange kvinner som stod ham nær. Det er desse kvinnene Håvard Rem har gitt stemme til. Det er hans forteljingar om evangelia, som ligg til grunn for dei tre monologane. «Juleevangeliet – Miriam si forteljing» var den første framsyninga Sogn og Fjordane Teater sette opp i 2016, deretter i 2018  kom «Maria Magdalena – Jesu virke». I 2020 kjem framsyninga «Moren – Påskeevangeliet» som er nummer tre i denne teater-triptykon. Her har tre kvinner har gitt sin versjon av forteljinga om Messias.

I framsyninga «Moren – Påskeevangeliet» er det  Maria, Jesu mor, spelt av Marit Østbye, som fører ordet. Vi møter ei mor som har sett sin son døy på korset, på same måte som ho 20 år tidlegare såg bror sin døy på korset. Det er dagen etter korsfestinga.

”Eg har sett son min døy. Eg sto der – på lang avstand – til dei kom og tok han ned. Eg trur det var han. I går. Vi vart fortalde at ein av dei mest mektige mennene i landet kom med tenarane sine og tok han ned. Frå korset. Josef frå Arimatea. Minister. Eg har aldri sett ein minister. Han sveipte han i eit linklede, vart det sagt, og la han i ei grav han hadde kjøpt til seg sjølv. Her i Jerusalem.”

I denne monologen minnast, Maria, Jesu mor, sonen sin, hans liv og virke. Ho minnast innmarsjen i Jerusalem, med dei tusenvis av tilhengjarane som drog inn i byen saman med han og dei titusenvis som tok i mot han:

”Yeshua! ropte dei. Jesus! Yeshua bar Abba! Opphøg han!
Og alle visste kva dei meinte med det: Opphøg han! Sett han opp på trona! Gjer han til konge! Yeshua bar Abba!”

Maria minnast og påskeveka, opprøret på tempelplassen, påskemåltidet - det siste måltid, arrestasjonen og korsfestinga.

Ei mor;

”Eg så han berre som ein silhuett på ei høgde.
Det mørkna. Det var ikkje meir å sjå. Men eg synes eg høyrde skrik.
Det var i går. Det byrjar å lysne. Eg har ikkje sove. Eg har tenkt og tenkt. Det er så mykje eg ikkje forstår."

”Moren - Påskeevangeliet”, den tredje monologen av Håvard Rem sin trilogi om Messias, skal synast i ulike kyrkjer i Sogn og Fjordane fram mot påske og inn i den stille veka.


Marit Østbye

Marit Østbye (1948) debuterte på Nationaltheatret i 1971. Sidan den gong har ho arbeidd ved ei rekkje teater, blant anna Den Nationale Scene, Fjensynsteateret, Rogaland Teater, Trøndelag Teater og Riksteateret. Marit Østbye har vore på Sogn og Fjordane Teater ved fleire høve, både med «Dama i luka» (2011) og «Eg er i går» (2018). Østbye har også medverka i fleire TV- og filmproduksjonar.

I 2015 vart Østbye nominert til den gjevaste prisen ein kan få i teater Norge: Heddaprisen, i kategorien beste kvinnelege skodespelar for rolla som Helen i «Fravær» på Oslo Nye Teater.

I 2016 debuterte Marit Østbye som regissør. Dette var ved Sogn og Fjordane Teater på den første delen av Håvard Rem sin trilogi: "Miriam si forteljing". Ho hadde også regi del to, som var «Maria Magdalena – Jesu virke». No skal Østbye sjølv drive denne siste monologen i trilogien fram: «Moren – Påskeevangeliet», saman med regissør Bodil Kvamme.

For tida jobbar Marit Østbye på Oslo Nye Teater med framsyninga Marjorie Prime, som har premiere i september 2019.

Tilbake