Aktivitetar i Balestrand (0-6 år)


På same måte som vi treng mat og drikke for å vekse fysisk, treng vi «andeleg føde» for å vekse i trua. Dette er noko kyrkja tek på alvor, difor driv vi med trusopplæring for alle alderstrinn.

 

Før Jesus fór opp til himmelen, ga han kyrkja eit oppdrag og eit løfte: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Vårt svar på dette oppdraget er å drive med trusopplæring. Trusopplæringa tek mange former og finn stad gjennom heile oppveksten.

I Balestrand sokn vert dei yngste borna inviterte til å vere med på:

Babysong på helsestasjonen
For dagar og tider følg med på Balestrand babysong på facebook.
Kontaktperson: Åshild Alte Sagevik, 412 10 627

Spiren (3-8 år)
Barneforeining i regi av NLM annakvar onsdag. Klasserom 14 på Sygna vgs.
Kontaktperson: Kristin Eilifsen:

4-årssamling og utdeling av 4-årsbok 22. og 23. august 2020.
Kontaktperson: Magni Åm Risa: 466 97 476

Barnekoret Baluba (5-10 år) øver kvar tysdag kl 17-18 på UH. Sygna vgs.
Kontaktperson: Aud Laila Heier, 928 36 901

6-årssamling og utdeling av 6-årsbok 22. og 23. august 2020.
Kontaktperson: Magni Åm Risa: 466 97 476

I tillegg er det tilbod om barnesamling under preika på gudstenestene og Søndagsskule og Tårnagentar under talane på bedehuset, så her er det berre å ta borna med 😊

Bur du i fjordane er du hjarteleg velkomen på «Kvardagsskulen» ca ein måndag i månaden.
Kontaktperson: Jenny Kristin Menes (414 69 329)
Frå framføring av "Takk min Gud for heile meg" under 6-årsgudsteneste i Tjugum kyrkje 2018. Foto: Lisa Grinde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå framføring av "Takk min Gud for heile meg" under 6-årsgudsteneste i Tjugum kyrkje 2018. Foto: Lisa Grinde

Tilbake