Handlingsplan for frivillige medarbeidarar


I 2017 utarbeidde kyrkjekontoret ein strategi for oppfølging av frivillige medarbeidarar. I samband med visitasen i april 2018 bad biskopen kyrkjekontoret følgje dette opp med ein handlingsplan.

Denne planen vart godkjend 23.04.2019 og du kan lese ein kortversjon her.

 

Du kan òg lese planen i pdf-format her:

Fullstendig versjon
Kortversjon


MÅL

Fleire skal kjenne glede over å vere med i frivillig arbeid og frå eigarskap til aktiviteten i kyrkjelyden. Vi skal ha nok frivillige til å utføre dei oppgåvene sokneråda har, på ein god måte – og handlingsrom til å setje i gang nye planlagde oppgåver.

TILTAK

Rekruttering

  • Vi skal utarbeide ein rettleiar for rekruttering.
  • Vi skal utarbeide rutineskildringar for alle oppgåver som vert utført av frivillige.
  • Vi skal lage organisasjonskart for dei ulike tenestene og prøve ut ei ordning med frivillige gruppe-leiararar for dei ulike tenestene.
  • Vi skal greie ut korleis vi kan rekruttere fleire ungdomar.

Opplæring

  • Vi skal ha god opplæring før ein frivillig medarbeidar tek til i tenesta, og alle frivillige skal ha ein kontaktperson.
  • Gruppeleiaren vert følgd opp månadleg med ein telefonsamtale eller anna kontakt. Staben held halvårige/heilårige møte med alle gruppeleiarane på tvers av sokna med opplæring, gjennomgang av rutineskildringar mm. Gruppeleiarane eller sokneråda kan ha møte med sine frivillige medarbeidarar etter behov – t.d. etter fellesmøta.
  • Kurs utover dette vert vurdert etter behov og tilgjengelege ressursar.

Følgje opp og ta vare på

  • Felles årleg medarbeidarfest for alle frivillige medarbeidarar. Frivillige medarbeidarar vert særskilt inviterte til sokneråda sine årsfestar (årsmøte).
  • Sommarhelsing med takk for innsatsen, julehelsing og takk ved avslutting av engasjement.
  • Forbøn i gudstenesta for dei frivillige og det frivillige arbeidet.
  • Framsnakking og presentasjon av frivillig medarbeidarskap skal skje på samlingar som gudstenester (kunngjeringsplass), kyrkjekaffi, salmekveldar, kvardagstru, juletrefest, kyrkjelydstur, kyrkjegardsdugnad og basarar.

Tiltaka skal vere sette i gang i løpet av 2019/2020.


Velkomen til gudsteneste!

Visste du at i Noreg - same kva søndag det er - så går det fleire til kyrkje enn det går folk på eliteseriekampar same dag?

Kom til kyrkja! Mange opplever at gudstenesta kan gi både inspirasjon, glede, støtte og utfordring - noko å leve på i lang tid framover.

Som frivillig i kyrkjelyden, vert du bedt for og rekna med i det som skjer i gudstenesta.

Tilbake