Sogndal kyrkjelege fellesråd sitt Kulturutval arbeider no med utforming av "Plan for kyrkjekultur". På denne sida kan du lese meir om bakgrunnen for arbeidet.
Utgangspunktet for "Plan for kyrkjekultur" er "Plan for kirkemusikk" (Den norske kirke 2008). Dette vart eit verktøy som kyrkjelydar i Den norske kyrkja kunne bruke til å utforme sine lokale planar for kyrkjemusikk. Desse planane vart brukte til å sei noko om satsningar og prioriteringar lokalt.
I Sogndal har det ikkje vore nokon eigen "Plan for kyrkjemusikk", og det var no på tide å få utforme dette. Kyrkjemusikken er ein særs viktig del av alt som skjer i kyrkjene våre; frå gudstenester, til kyrkjelege handlingar, og ulike møtepunkt, og ulike kulturarrangement.
Samstundes er det fleire kulturuttrykk enn musikk som òg er viktige for og i kyrkja, og som det er naturleg at får omtale i en plan. Difor har vi lokalt gått inn for å lage ein "Plan for kyrkjekultur" som skal omfatte ei rekkje kulturuttrykk i tillegg til musikk. Kultur er eit vidt begrep, og vårt håp og visjon er at planen tek omsyn til dei ulike kulturuttrykka.
Kulturarven kyrkjene representerer vil òg vere eit sentralt punkt i planen; korleis kan vi ta vare på og vidareutvikle denne? Og korleis kan kyrkja bidra til eit godt, aktivt og berekraftig kulturliv i bygdene våre?
Hausten 2026 arbeider kulturutvalet med å hente frem gode idear til planen, og i dette arbeidet er tilbakemeldingar frå sokneråd, kyrkjeleg tilsette, kulturorganisasjonar i kommunen og privatpersonar særs viktig. Det er difor laga ei høyring, med frist 31. desember 2026.