Invitasjon til å kome med innspel til "Plan for kyrkjekultur"


Invitasjon til å kome med innspel til "Plan for kyrkjekultur"


Sogndal kyrkjelege fellesråd utarbeider no ein «Plan for kyrkjekultur» som skal vere gjeldande frå hausten 2027.

Det er nedsett eit kulturutval bestånde av ein representant frå kvart sokn. Arbeidet vert leia av Hallgeir Øgaard Westli, kantor i Sogndal kyrkjelege fellesråd.

Vi inviterer no til å gje innspel til denne planen.

Klikk her for å fylle ut skjema

Ein plan for kyrkjekultur skal seie noko om kva retning kyrkjekulturen i Sogndal skal ta dei neste åra. «Kyrkjekultur» er eit vidt begrep, men det kan seie noko om kyrkjemusikalske tiltak, kunst, dans, drama/teater, kulturarv, arkitektoniske aspekt – kort og godt korleis vi kan forvalte og vidareutvikle kyrkjekulturen i Sogndal.

Vi inviterer deg – anten du er jamnleg deltakar i eller sjeldan innom kyrkja sine kulturelle aktivitetar – til å kome med innspel, både kva du tenkjer er viktig at vi tar med i ein slik plan, eller om det er konkrete innspel til tiltak du ynskjer å foreslå. Utfyllinga er heilt anonym, og dersom du nyttar digitalt skjema kan du fylle ut fleire gonger, dersom du ynskjer å svare på vegne av fleire aldersgruppe (t.d. dersom du har born du ynskjer å svare for). Dersom du ynskjer å svare fleire gonger, oppdater denne sida når du har svart.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål rundt arbeidet med kyrkjekulturell plan kan du ta kontakt med ein av representantane frå sokna eller utvalssekretær Hallgeir Øgaard Westli:

Fjærland: Berit C. Orheim (99 59 78 71)                            

Kaupanger: Judith Vesthreim (94 43 39 96)

Stedje: Guri Høstaker Nordheim (48 10 62 98)

Norum/Ølmheim: Ingunn Marie Myren (95 46 85 68)

Leikanger: Odrun Myklebust (40 20 37 71)

Balestrand: Kjersti Brudvik (40 24 76 91)

Utvalssekretær: Hallgeir Øgaard Westli (94 00 38 34 – hw862@kyrkja.no)

 

Spørsmål eller utfordringar med digital utfylling:

Dersom du opplever utfordringar med eller har spørsmål kring den digitale utfyllinga, ta kontakt med Hallgeir Øgaard Westli.

Svarfrist: 31. desember 2026

 

Tilbake