I dag opnar vi Stedjetunet, og det vil vere høve til å sjå gravferda for H. M. Kong Harald V saman med oss for dei som ynskjer det.
Vi opnar opp Stedjetunet kl. 11.15, og viser sendinga på storskjerm her.
Sendinga startar kl. 12.00, og vi viser frå dette tidspunktet.
Dersom du vil vere med å sjå sendinga i lag med oss i kyrkja i Sogndal og andre som kjem, så er du hjarteleg velkommen!
Det vil vere høve til å tenne lys og å skrive i kondolanseprotokollen dersom du ynskjer det.
Etter gravferda vil kondolanseprotokollane, kort og andre helsingar bli samla inn og overlevert Statsforvaltaren. I dei kyrkjene der kondolansar er skrivne i besøksbøkene, vil vi oversende kopiar av dei aktuelle sidene.
Arrangementet er sjølvsagt heilt gratis.
Vel møtt!
Foto: Jørgen Gomnæs - Det kongelige hoff