Velkommen til Stedje kyrkje fredag 6. mars kl. 18.00
"Hvile for den trette" - Kunstnar: Gift Amarachi Ottah (Nigeria)Symbolet til Den internasjonale kvinnebønedagen er eit kors som peikar mot dei fire himmelretningane. Det minnar oss om at vi ikkje ber åleine.
Når vi vaknar, har andre allereie bedt i aust.
Når vi legg oss, fortset bønene i vest.
Dei bed for oss. Vi bed for dei.
Vi kjem frå ulike samanhenger. Vi kan vere ueinige om mykje, men bøn kan vi vere saman om. Det bind oss saman og vi får kjenna på det kristne fellesskapet.
Vi inviterer til ei samling med vekselbøn, tekstlesing, lystenning og felles song.