Alpha-kurs i Balestrand?


Alpha-kurs i Balestrand?


Kurset som var planlagt i Balestrand frå hausten 2025 vert utsett inntil vidare på grunn av for få påmelde denne gongen. Alpha-kurs er eit samtalebasert introduksjonskurs til den kristne trua. Ta gjerne kontakt ved interesse for å delta på eit slikt kurs.

HISTORIKK: Det første Alpha-kurset vart halde i den anglikanske kyrkjelyden Holy Trinity Church i London i 1977 og det vart relansert i 1990 då advokaten Nicky Gumbel tok over som leiar. Kurset er tverrkyrkjeleg og millionar av menneske har teke kurset - kursmateriellet er omsett til 112 ulike språk! Kurset legg vekt på det som er felles for dei fleste kristne kyrkjesamfunn og målgruppa er personar som er nysgjerrige på å vite meir om den kristne trua. (Alpha er den første bokstaven i det greske alfabetet

RAMMER: Kvar samling har ei tidsramme på 2 timar. Det sosiale er viktig, så vi startar med kveldsmat ilag. Deretter ser vi ein video på 25 minutt om dagens tema før vi samtalar i grupper. Tanken er at vi skal kunne snakke ope om tru og tvil, rydde av vegen gamle fordommar og få presentert Bibelen sitt evangelium i sin heilskap.

Døme på TEMA for samlingane:
Er livet meir enn dette? Kven var Jesus? Kvifor døydde Jesus? Korleis kan ein tru? Kvifor og korleis skal eg be? Kvifor og korleis skal eg lese i Bibelen? Kven er Den Heilage Ande? Korleis kan eg gjere det beste ut av resten av livet mitt?

INTERESSERT? Ta kontakt med Magni Åm Risa m. 466 97 476.

Sjå meir generell info om Alpha-kurs på denne lenka.

Tilbake