I Stedje kyrkje heng det nokre lange biletplansjar på kvar side i kyrkjerommet. Kanskje du har lurt på kva det er for noko, og ikkje turt å spørje nokon? No skal du få litt informasjon her.
Desse plansjane er frå TIDSLINJEN (trykk på lenka) som Bibelselskapet har gitt ut. Her finn du ei rekke bilete frå forteljingar Bibelen plassert på ei tidslinje. Det er ei tidslinje frå Gamle testamentet og ei frå Nye testamentet. Går du inn på nettsida i lenka finn du heile linja digitalt. Der kan du også lese teksten som høyrer til illustrasjonane, få det opplest som lydfil eller sjå video med tegnspråk. Til nokre av forteljingane kan du også printe ut ein illustrasjon til fargelegging.
Her finn du mange fine bibelforteljingar! Og når du kjem i kyrkja, kan du sjå om du kjenner att nokre av forteljingane på den store Tidslinjen på veggen. Kanskje du kan ta ein selfie i lag med ein av favorittforteljingane dine, til og med? Det har eg gjort:
.jpg)
Lukke til med å bli betre kjent med bibelforteljingane!
Me sjåast!
Beste helsing Birte Husum, trusopplærar.
94798799
BH278@kyrkja.no