Som 22-åring var Edvard Grieg himmelstormande forelska. Han fekk også augene opp for det særeigne norske i musikk og kultur. I dei banebrytande verka frå denne tidlege tida, finn han vegen til sitt personlege tonespråk som gjorde han verdskjend.