Velkommen som konfirmant i Kaupanger sokn i 2027


Velkommen som konfirmant i Kaupanger sokn i 2027


Dette året vil me gi deg anledning til å reflektere over viktige spørsmål i livet, kven du er og kva du står for. Dette vil me gjere gjennom aktivitetar, temasamlingar og deltaking der du som konfirmant kan bli betre kjent med den kristne trua og deg sjølv.

Bilde frå konfirmasjon i Kaupanger stavkyrkje

Informasjonsbrosjyre i PDF

Kva gjer me i løpet av dette året?

  • Individuelle samtalar
  • Temasamlingar
  • Skaparverksturar (ein ettermiddag)
  • Gudstenester, både som medhjelpar og deltakar
  • Leir
  • Konfirmantdagar laurdag eller søndag
  • Fasteaksjon
  • Konfirmasjonsdagen

Konfirmanthelg på Lyngmo

I slutten av januar er det konfirmantleir på Lyngmo. Leir er garantert eit høgdepunkt i konfirmanttida. Her er det mykje gøy som skjer. Vi har aktivitetar ute og inne, undervisning og underhaldning. Denne er felles med dei andre sokna, og alle vert fordelt på to helger. Desse helgene er 22.-24.januar og 29.-31.januar. Dersom ei av dei ikkje passar, gi beskjed tidleg!

Temadagar

I løpet av året har me to temadagar knytt til helg også, der me samlar alle konfirmantane frå Stedje, Kaupanger, Fjærland, Norum og Leikanger. Den første er søndag 13.september 15-20 (med ei felles kveldsgudsteneste til slutt som er open for alle), for å starte året saman.Den andre kjem me tilbake til, men den brukar å vere rett etter påske.

Spond

Me nyttar spond til å kommunisere med både konfirmantar og føresette. Det er ein app du kan laste ned på mobilen din, og gir ein grei oversikt over aktivitetane ein skal vere med på. Dersom ein ikkje vil ha spond-appen, får ein likevel tilsendt all informasjon på e-post. Der finn de undervisningsdatoane og andre arrangement i løpet av året.

VIKTIG: Hugs difor å registrere konfirmanten sin kontaktinformasjon, samt dykkar eigen i påmeldinga!

Annan informasjon som gjeld konfirmantgruppa finn de også der.

Konfirmasjonsdagen

Dette er den store dagen der du vert konfirmert!

Konfirmasjon 2027 i Kaupanger er torsdag 6.mai.

Konfirmantkalender

Konfirmantkalender ligg på heimesida vår. Det er den som til ein kvar tid er oppdatert og gir deg oversikt over aktivitet framover.

Her kan du velje sokn og få oppdatert informasjon frå ditt sokn.

Denne kan du legge til kalenderen din på PC eller mobil.

sogndal.kyrkja.no/Born-og-unge/Konfirmant

Eigenbetaling

De betalar ein eigendel på kr. 1500,- for ymse utgifter. Dette inkluderer mellom anna leir. Soknerådet dekkjer resten av kostnadane med konfirmantåret som ei gåve frå kyrkjelyden. Det er mogleg å betale med kort ved påmelding eller få faktura/dele opp betalinga. Har du spørsmål eller utfordringar rundt betaling, kontakt kyrkjekontoret.

Tilrettelegging

Er det noko vi bør vite om, til dømes behov for tilrettelegging etc., er det viktig at de melder frå om dette. Du kan skrive det i kommentarfeltet ved påmelding eller kontakte kyrkjekontoret. Alle opplysningar vert handsama etter gjeldande personvernreglar.

Påmelding

Påmelding skjer på www.sogndal.kyrkja.no

Det er viktig at føresette er med og melder på. Ein kan melde seg på som konfirmant sjølv om ein ikkje er døypt, men ein må vere døypt for å bli konfirmert. Det kan ein gjere i løpet av konfirmantåret. Ta kontakt om dette er aktuelt for deg!

Påmeldingsfrist: 16. august 2026

Oppstartsamling for konfirmantar og føresette i Kaupanger sokn 19. august 2026 kl. 20 i Kaupanger kyrkjestove

Då snakkar me om:

  • Konfirmantåret 2026/2027
  • Kommunikasjon
  • Kva treng me hjelp til i løpet av året
  • Konfirmasjonsdagen

Spørsmål?

Sogndal kyrkjekontor kan svare på spørsmål du har om konfirmantopplegget og påmelding.

Tlf: 57 67 99 85
E-post: konfirmant.sogndal@kyrkja.no
Adresse: Postboks 180, 6851 Sogndal Besøksadresse: 2. etg. Stedjetunet, Kyrkjevegen 6

Tilbake