Historisk bakgrunn
På den tida då Kvamsøy kyrkje vart bygd ca. 1275, hadde Europa opplevd ei hundreårig framgangstid som vart etterfølgd av motgang. Rundt 1300 slutta den varme perioden i mellomalderen og vart etterfølgd av den vesle istida. Det kalde klimaet resulterte i eit redusert landbruk, hungersnaud, pest og krigføring. Det som sette størst preg på samfunnet var svartedauden som kom til Bergen i 1349.
Svartedauden herja også i sognebygdene. Av dei som vart ramma spesielt var prestar og kyrkja sine folk då dei gav hjelp til dei som var ramma av pesten. Det har nok også prega Kvamsøy kyrkje i denne tida på den måten at det vart færre prestar som gjorde teneste i kyrkja.
Kvifor ei kyrkje på Kvamsøy i 1275?
Mange har nok lurt på kvifor ein finn ei kyrkja på ei lita øy i Sognefjorden, og som var soknekyrkje fram til 1903 då Sæle kyrkje på fastlandet vart bygd. Det var på mange måtar svært tungvint for folk som høyrde til kyrkja, at ein måtte i båt, særleg vinterdagen - ofte med motvind både ut og inn fjorden. Folket i Lånefjorden hadde lengst veg med kyrkjebåt.
Ferdsla på Sognefjorden
Frå tidlege tider var det mykje transport av varer ut og inn Sognefjorden, særleg tømmer som eksportvare frå bygdene her.
Desse skipa brukte Kvamsøy som trygg hamn, når det var uvær eller mangel på vind i segla.
Segnene fortel at dei sjøfarande var med å byggja kyrkja og elles ved å gje gåver til bygginga. Ballaststein frå skipa er nemnd som byggjemateriale, i tillegg til lokal stein.
Samanlikna med andre steinkyrkjer i Sogn, viser at Kvamsøy har hatt primitive materialar, Det vil seia ein nytta mykje runde steinar og mest ikkje kleberstein, som vart nytta i andre steinkyrkjer.
Dei reisande var nok opptekne av å ha Gud med på reisa. Difor var gåver til kyrkja meint å gje dei både god bør på reisa og som sjelegåve til kyrkja for si eiga sjels frelse.
Arkeolog Bendix Bendixen (1838-1918) nemner at det på baksida av altartavla står fleire namn på sjuke saman med årstala 1727 og 1736. Dette er venteleg folk som har komme hit på grunn av sjukdommar. Kyrkja kan såleis ha fungert som valfartskyrkje. Det var då venteleg ikkje Olavskjelda på øya som var målet, slik kunsthistorikar Robert Kloster (1905-1979) nemner, men jarnringen på hovudinngangsdøra som skulle verka lækjande om ein rørte ved han.
Ingebjørg Følid f. Hjartholm har stadfesta plasseringa av Olavskjelda sørvest på øya.
Helgen-nisjen
På nordsida av inngangen er der ein liten nisje som truleg har vore nytta til å setja helgenbilete i, den gong kyrkja var katolsk. Denne er like gammal som kyrkja, og med ei ramme av kleberstein. Her har det truleg stått ein figur av dei sjøfarande sin helgen, skriv kunsthistorikar Robert Kloster. I følgje Kloster er slike utvendige nisjar svært sjeldne. «At Kvamsøy-kyrkja har ein slik, skuldast truleg omsynet til dei sjøfarende, at dei til ei kvar tid, uavhengig om kyrkja var opi og presten var til stades, kunne forrette andakt framfor den vesle nisjen og be helgenen om god bør eller bringe han takk for overstått fare.»
Kven kunne denne figuren av ein skytshelgen vera ? Truleg kan figuren har vore t.d. St. Clement, som var dei sjøfarande sin helgen i fleire kyrkjer i Noreg, men det kan også ha vore St. Olaf eller St. Sunniva frå Selja.
Etter kvart vart Kvamsøy kyrkje dei fastbuande si kyrkje, kanskje særleg etter reformasjonen. Gåver som er gjevne til kyrkja, kjem no meir frå lokale folk.
I Norge var det etter reformasjonen Martin Luthers lære som vart innført. Dette skjedde i 1537 i ly av at den danske kongen Christian III tok makta ved hjelp av tyske leigesoldatar. Han sikra seg tilsvarande kontrollen over Norge og la landet inn under Danmark som eit lydrike.
Frå då av vart det både danske prestar og dansk språk i kyrkja gjennom heile unionstida med Danmark. Danskekongen tok over alle kyrkjene og eigedomane til kyrkja.
Kvamsøy kyrkje sine prestar var stasjonerte i Vik fram til 1776 då det vart eigen kapellan ved i Kvamsøy. I vår tid, i 1964, vart Kvamsøy sokn lagt til Balestrand prestegjeld i samband med kommunegrenseregulering.
I følgje Bergen Kalvskinn hadde Kvamsøy eigen prest på 1300 -talet. Det går også fram at presten hadde inntekter av gardane i Naustvoll, Engjane i Kvamsøy sokn, og Sværen og Eikji i Tjugum sokn. Det låg også 4 kyr til presteinntekta.
Grunnen til at kyrkja vart bygd akkurat her
Me trur at det var dei sjøfarande sitt nærvær og den gode hamna i Kvamsøysundet som var med og sette i gong kyrkjebygging på Kvamsøy. Utan dei sjøfarande sitt behov for ein kyrkjestad hadde neppe Kvamsøy kyrkje vorte bygd. Næraste kyrkjestad for Kvamsøy var lenge i Vik, på sørsida av Sognefjorden.
Robert Kloster skriv det slik: «Slik øya ligger lunt til tett ved et av de videste og strideste stykkene av Sognefjorden, må den ha vært et ønskested for dem som skulle søke havn for storm eller vente på bør ut og inn fjorden.» Inntekta til kyrkja var også svært beskjeden og var stort sett gåver frå dei reisande.
Slike anlegg var nokså vanleg i mellomalderen, som klosterhospits ved kysten og gjestestover langs vegane.
I kor stor grad lokalbefolkninga var med på å få bygd kyrkja, er det ingen dokumentasjon på, heller ikkje om dei sjøfarande si rolle.
Me kan berre gissa oss til eit samarbeid mellom sjøfolk og fastbuande. Det måtte skaffast til vege stein, sand og mørtel. Stillas måtte òg lagast, noko det vart funne restar av inne i muren i 1991. Nyare undersøkingar av bygningen i vår tid, viser at muren særleg i nordgavlen er av ein betre kvalitet enn det som har vore sagt tidlegare.
Kor lang tid bygginga tok, veit me heller ikkje noko om, men at det tok år, er rimeleg å tru.
Kapell for sjøfarande – tilsvarande andre stader langs kysten
Langs kysten vår har det vore fleire kyrkjer som var bygde til St. Clemens, helgen for dei sjøfarande. I Bergen, Kvitsøy, Oslo og Trondheim vart det bygd Clemenskyrkjer. Clemens var pave i Roma i det første hundreåret etter Kristi fødsel.
Sidan det er nemnt ei Olavskjelde på øya, kan det hende at St Olav stod sterkt både i grenda og blant dei sjøfarande. Forfattar av boka Havets Pilgrimer, Harald Olsen skriv: «Det var vanleg mange stader med Olavstradisjonar og gjerne Olavskjelder, utan at heilag Olav hadde vore på staden. Dette er eit folkeleg uttrykk for den posisjon som Heilag Olav hadde hos folk flest.»
Dei første eigarane - Munkeliv kloster og munkane i Kvamsøy.
I 1349 var det riddar Nikolas Plogpenning, truleg frå Sverige, og den norske kona hans Ingebjørg Munansdotter som eigde Kvamme gard og med det også Kvamsøya med kyrkja.
Journalist Anders Werner Øfsti skriv: «Han sitter godt i det. Nikolas og kona Ingebjørg Munansdatter har i mange år tjent hos hertuginne Ingebjørg Håkonsdotter. Hun er ingen «hvemsomhelst». Hertuginnen er datter av kong Håkon V Magnusson – og hun er mor til den regjerende kongen, Magnus Eriksson.»
Ekteparet Plogpenning vanka med andre ord i fornemme krinsar. Dei greidde altså på 1300-talet å tileigne seg Kvamme og Kvamsøy, som dei så selde til Munkeliv Kloster i Bergen i 1349 då dei begge vart råka av svartedauden.
Munkeliv Kloster fekk eigedommen og kyrkja mot at ekteparet fekk gravplass på klosteret, og at det vart lese sjelemesser for dei.
Munkeliv Kloster, som var eit benediktinarkloster, vart såleis eigarar av Kvamme og Kvamsøya og hadde det til 1410, då dei makebytte Kvamme med ein bygard i Bergen.
På den tida høyrde også kyrkja og øya til Kvamme. I denne 60-års perioden har det truleg vore munkar i Kvamsøy frå Munkeliv Kloster.
Me veit ikkje mykje om munkane i Kvamsøy som truleg budde på Kvammegarden, som klosteret hadde overteke. Dei dyrka nok jorda for å få grønsaker, bær og kanskje frukt. Det skal finnast graslauktuer på Kvamme, nede ved sjøen, som kan vera restar av munkane sitt arbeid. På Kvamsøya finn me også mykje ramslauk, som også kan vera frå munketida.
Det er mykje truleg at munkane også nytta kyrkja på øya til bøn og lesing av sjelemesser, kanskje også gudstenester.
Tida etter reformasjonen
I 1536 vart den evangelisk-lutherske læra sett i staden for den katolske læra. Den siste katolske presten i Vik, Olav Isaksson gjorde som mange andre katolske prestar, ved at han gjekk over til den lutherske læra. Det same gjorde den siste katolske biskopen, Gjeble Pederssøn, som var biskop i 20 år. Olav Isaksson tok seg av prestegjeldet etter beste vit og skjøn og tala i dei fem kyrkjene han hadde ansvar for, inklusiv Kvamsøy kyrkje. Olav Isaksen var norsk og greidde lite å tala det nye danske talemålet, utan at det kom noko klage på det. Prestar etter Olav Isaksen var alle danske og tala berre det danske målet, som bygdefolket hadde store vanskar med å forstå. I Kyrkjeordinansen frå 1597 vart prestane pålagd å «hamre inn» den rette evangelisk lutherske læra.
I Norsk lov av 1687 heiter det at «Præsterne skulle forrette i kirken ved lesning, sang, bønn, prediken og sacramentenes uddelelse.» Dei skulle ikkje tala meir enn ein time «til å forlenge den gemene mand til kjedsommelighet.» Presten skulle velja seg to gudsfryktige og pålitelege menn til å vera medhjelparar og kyrkjeverjer. Desse blei moralske bygdepoliti som skulle fylgja med på folk sin levemåte; fråver frå gudstenester, brot på helgedagfreden, ulivnad og drukkenskap.
Etter kvart kom lærebøker i kristendom, t.d. Pontoppidans «Sannhed til gudfryktighet» Frå 1736 vart konfirmasjonen innført, der presten skulle ha «overhøring» på konfirmasjonsdagen, der presten òg kunne visa bort dei som han ikkje tykte kunne nok av den kristne læra. Dette vekte stor harme blant folket i Vik og kasta skuggar over heile konfirmasjonstvangen, som stod uendra til 1845.
Prestane tok godtgjering for konfirmasjon frå kvar konfirmant. Dette vart etter kvart fjerna, etter kongeleg brev som forbaud dette.
Folk i Vik og Kvamsøy var vane med å bryggja øl, og etter kvart heimebrenning. Kong Kristian 6. skreiv til kyrkja i Norge i 1736 at dei måtte gjera alt dei kunne for å hindra brennevinsdrykk, utan at det hjelpte noko.
Kapellanar i Kvamsøy 1776-1808
I forpaktar Per Eirikson si tid vart garden Engum kapellangard. Ei kapellanstilling vart oppretta i 1742 i Vik, men ho vart ikkje sett i verk før 1776 då det var klårt at stillinga skulle vera i Kvamsøy.
Den første kapellanen (1776-1789) var Claus Finde som skulle bu i Livdi og skulle ha inntektene av Engum. Per Eiriksson var forpaktar for kapellanen. Etter Finde var Michael Sundt Tuchsen (1789-1789), Gunder Falnæs(1789-1801) og Bernt Børretzen (1801-1808) kapellanar i Kvamsøy. Etter det vart det slutt på prestestillinga i Kvamsøy. Frå 1808 vart Engum embetsgard for amtmannen som budde i Bergen.
Brennevinssal i Vik og Kvamsøy
1757 kom forbod mot brennevinsbrenning og bruk av dette i bryllaup, gravferd og andre samkomer. Berre «krohus» hadde lov til å selja brennevin frå klokka ni på laurdagskvelden til klokka fem søndag ettermiddag. Det var gjestgjevarane på Vikøyri og i Kvamsøy som hadde rett til å selja brennevin til ferdafolk. Gjestgjevarane var slepphendte med sal av brennevin både før og etter klokka fem søndag ettermiddag. I Kvamsøy var det ofte mange båtar og jekter som venta på vind, og difor trøytta tida hos gjestgjevaren, som selde brennevin til både ferdafolk og kyrkjefolk. Grunneigar Bjarne Hjartholm (1947-2020) meinte at gjestgjevarhuset i Kvamsøy låg mellom kaien og kyrkja, til venstre for vegen.
Brennevinsdrikkinga var ofte tema på bispe- og prostevisitasar på 1800 talet. På eit visitasmøte i 1821 vart det snakk om å flytta gjestgjevarstaden i Kvamsøy til ein stad lenger inne langs land. Ein skulle òg prøva med «gode menn« som skulle halda vakt i to timar etter gudstenesta og sjå til at det ikkje vart selt brennevin til kyrkjefolket. Folk som var til kyrkje, var vane med å stogga att i fleire timar etter gudstenesta for å treffa slekt og vener. No skulle folk ikkje stogga meir enn ein time og så ro heim att. Vaktmennene skulle gå på omgang og heldt dei ikkje plikta si, fekk dei bøter. Det var ikkje lett å få Kvamsøy-sokningane til å ta på seg denne tvangstenesta.
På prostevisitas året etter vart det igjen tala om gjestgjevarane. Det hadde ikkje vorte betre med brennevinsalet i Kvamsøy i 1822 heller. Men staden låg einsamt til så det vart vanskeleg å halda auga med alt. Båtar og jekter låg lenge i hamna, og ferdafolket visste å finna vegen til gjestgjevaren seint og tidleg.
«Drikkeondet» tok av noko etter kvart, særleg etter at lensmann Aarestrup dreiv folk til å betala bøter for ulovleg brennevinssal.
Hjartholmfamilien
Familien Hjartholm har halde til på Kvamsøya sidan 1908, då Sakarias Hjartholm kjøpte øya. Sonen Bergfinn (‘Finn’) var kyrkjetenar lenge og tok over bruket i 1947 til sonen Bjarne overtok i 1975. Bjarne og Inger Johanne bygde seg hus på øya same året.
Bergfinn og kona Jensina stelte fint med kyrkja og kyrkjegarden i heile deira tid. Det vert sagt at Jensina stelte gravene som sin eigen hage og planta blomar på gravene der ingen andre gjorde det.
Bjarne skyssa villig tilsette og besøkande over sundet i robåten sin i alle år, ein periode var han òg gravar og hadde i mange år slåtten på kyrkjegarden. Han var ein dugande historieforteljar og visste mykje om kyrkja, noko mange besøkande har fått glede av fram til han døydde i 2020 og sjølv vart gravlagd på øya. Inger Johanne har planta og stelt graver på kyrkjegarden i lang tid.
Bruk av kyrkja i dag
Frå 1. januar 2004 vart Kvamsøy sokn og Tjugum sokn slegne saman til nye Balestrand sokn som no står som eigar av Kvamsøy kyrkje. Sjølv om ho ikkje er ei soknekyrkje, er ho eit viktig kulturminne frå mellomalderen og fortener å bli teke vare på i vår tid.
Gudstenester
Kyrkja har sidan 1903 vanlegvis hatt to gudstenester i året. Den første gudstenesta var ofte i mai - før budeiene flytta til fjells for sommaren. Elles har vårgudstenesta ofte vore lagt til pinsehelga. Kvar sommar vert det så feira olsokgudsteneste på slutten av juli, gjerne med tilbod om pilegrimsvandring i tilknyting til gudstenesta.
Gravferd
Gravlegging på Kvamsøy kyrkjegard er berre tilgjengeleg for personar med familiær eller geografisk tilknyting til kyrkja. Her vert gravene framleis grevne for hand. Når det gjeld gravferdsseremonien, er det gjort vedtak om at kyrkja berre kan nyttast i perioden april-oktober. Ein får ikkje bruke oppvarming i kyrkja og utanom desse tidene er det som regel for kaldt både for dei tilsette og dei sørgjande . Då vert seremonien oftast halde i Sæle kyrkje og gravfylgjet reiser så samla til Kvamsøy for nedsetjing og jordfesting der.
Vigsel
Det er som regel fleire år mellom kvar vigsel i Kvamsøy kyrkje sjølv om kyrkja ligg fint til og har mykje historie i veggane. Lokaliseringa og behovet for båttransport gjer opplevinga «eksotisk», samstundes som det kan vere ein bøyg. Nokre har nytta den gamle ferdselsvegen over Sognefjorden til feiring på Finden eller i Finnabotn etter vigselen.
Konsertar
Mellomalderkyrkja er ikkje ofte i bruk til konsertar, men det hender; nokre gonger i tilknyting til ei av gudstenestene då ein likevel har båtskyss frå fastlandet.
Omvisarverksemd
Dette med tilbod om omvisarverksemd for besøkande kan også vere ei utfordring. Det er jamleg folk som ynskjer å vitje kyrkja, men ikkje ofte nok til at ein kan ha løna omvisarar stasjonerte ved kyrkja. Fastbuande både på øya og på land har nok hatt med seg grupper i kyrkja gjennom åra, men det har ikkje vore fast organisert. Tilbydarar av båtturar, både frå Balestrand og Vik, fortel om kyrkja når dei passerer. Dei har også tilbod om omvising i kyrkja for dei som ynskjer det.
Det gjennom åra vore eit uttrykt ynske om at endå fleire skal få høve til å oppleve den særmerkte kyrkja, og det vert stadig søkt å finne praktiske løysingar for dette.
Olavstradisjonen
Tradisjonen med å feire olsok på Kvamsøy med gudsteneste olsokdagen 29. juli eller næraste sundag går langt tilbake. Me veit at Heilag Olav var i Sogn i 1024 og mykje tyder på at han då stogga ved den beste hamna i Sognefjorden. Kanskje den lokale Olavskjelda på Kvamsøy kan skrivast tilbake til eit eventuelt besøk av Heilag Olav?
Kvamsøy kyrkje si over 700 år lange levetid dekkjer eit langt spenn i historia vår, med skiftande styre og stell i samfunnet og for kyrkja i Noreg. Grundtvig sin salme frå 1838 kan vera dekkande for livet rundt Kvamsøy kyrkje.
Kyrkja ho er eit gamalt hus,
stend om enn tårna mun falla.
Tårn etter tårn dei sokk i grus,
endå kan klokkene kalla,
kalla på gamal og på ung,
mest då på sjela trøytt og tung,
sjuk for den evige kvila.
Om artikkelforfattaren
Tore Brudvik var kyrkjeverje i Balestrand frå 1990 -2005 og var dermed involvert i alle tiltak knytt til Kvamsøy kyrkje i den perioden . Før det var han kyrkjetenar i Tjugum sokn og etter 2005 har han jobba som både diakon og kyrkjelydspedagog. Som pensjonist har han vore aktiv i Balestrand sogelag og var leiar i jubileumsnemnda for Kvamsøy kyrkje 750 år.
Kjelder:
Arkeolog Bendix Bendixen (1838-1918): Om Kvamsøy kyrkje
Artikkel om Kvamsøy kyrkje av Rasmus Sunde, i Pridlao 2024, Vik historielag
Kunsthistorikar Robert Kloster (1905-1979) - Vik bygdebok Bind 1 - Kyrkjene i Vik
Historikar Ludvig Daae (7. desember 1834 – 1910)
Bygdebokskrivar Olav Hoprekstad (1875-1965) - Vik bygdebok bind 1 - Kyrkja og folket 1955.
Forfatter Ole Jørgen Johannesen (1942-): Bergen Kalvskinn - Om Nikolas Plogpenning og Ingebjørg Munansdotter si gåve frå Kvamme til Munkeliv Kloster i 1349. 2016.
Forfattar Harald Olsen (1945 – 2021) – Havets pilgrimer. 2013.
Tidl.kyrkjetenar Gerd Jordanger: Munnleg kjelde - om Kvamsøy kyrkje
Grunneigar på Kvamsøy Bjarne og Inger Johanne Hjartholm: munnleg kjelde. – Om Kvamsøy kyrkje og andre hus på øyna.
Ingebjørg Følid f. Hjartholm: Om Olavskjelda