Laurdag 25. april er det duka for den populære Tårnagentdagen. I år er det dei som er fødde i 2017 og 2018 som blir inviterte og kan melde seg på. Me samlast i Stedje kyrkje kl.10-14 denne dagen. Er du nysgjerrig på kva tårnagent er for noko, kan du lese meir under.
Invitasjonen har gått ut til alle medlemmar og trusopplæringsabonnentar i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn som er fødde i 2017 og 2018.
Tårnagentdagen er full av spennande opplevingar. Det handlar om å ha "ein himmel over livet", som me syng i tårnagentsongen. Ein får utforske kyrkja og klokkene i kyrkjetårnet. Me skal lære om kodar og symbol, og kanskje dei kan fortelje oss noko om Gud og Jesus? Me skal leike, leite, synge og bevege oss. Kyrkja har fleire skattar og hemmelege ting som me skal sjå på. Me skal vere både ute på kyrkjegarden og inne i kyrkja og kapellet, så det er lurt å kle seg etter veret. Dagen vert avslutta med ei enkel gudsteneste i kyrkja, der føresette, familie og fadrar er hjarteleg velkomne med frå 13.30-14.00. Dette blir veldig kjekt!

Englevakter
Har du ein vaksen som du har lyst å ha med? Foreldre, fadrar, besteforeldre eller andre kan få vere englevakter. Dei følgjer gruppene rundt på dei ulike postane, hjelper til under måltid og anna praktisk som dukkar opp. Marker i påmeldinga om du tek med deg ein englevakt.
Mat, påmelding og betaling.
Me et pølser i brød ca. kl. 12, og avsluttar med ei enkel gudsteneste kl. 13.30- 14.00, der me inviterer med vaksne og familie som ikkje er englevakter også. Pris: kr. 50,- (Vipps #77449). Påmelding innan tysdag 21.april. Dagen krev mykje planlegging. Difor er påmelding viktig.
Hjarteleg velkomen som tårnagent!
.jpg)
Med venleg helsing sokna i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje
v/ Birte Husum, kyrkjelydspedagog.
Tlf. 947 98 799, BH278@kyrkja.no
