Småtrolltrall 1, 2, 3 hausten 2026


Småtrolltrall 1, 2, 3 hausten 2026


KOR ER KRØLLE? Det er ein av dei tinga me er opptekne av på Småtrolltrall. Me syng og leitar etter den bortkomne sauen. Blir du med? I haust har me Småtrolltrall BÅDE på Stedjetunet og i Leikanger kyrkjelydshus. 

Småtrolltrall er eit trusopplæringstiltakt for døypte og interesserte i alderen 1 - 3. Me syng både kristne og "allmenne" songar og regler, og får med oss ei velsigning til slutt. Heile familien er velkomne. Me har ein halvtimes samling med song og regler før me finn fram leiker, saft, kjeks, kaffi og te. De kan ta med niste sjølve om de ynskjer å ete kveldsmat i lag. Samlingane vert leia av trusopplærar Birte Husum. Me treng fleire frivillige medhjelparar til det praktiske, så tips oss gjerne om du kjenner nokon som kan tenke seg å bidra i dette populære tiltaket. 

Småtrolltrall har ei SPOND-gruppe som du kan melde deg inn i, og få direkte informasjon og alle arrangementa inn i kalendaren din. Følg denne lenka eller tast inn denne SPOND-koden i appen: VBMPU

Me møtes følgjande torsdagar frå kl. 17.15 - 18.15 hausten 2026: 

STEDJETUNET, Kyrkjevegen 6, fyrste etasje:

  • 27.08.

  • 17.09.

  • 08.10.

  • 29.10.

  • 19.11.

 

LEIKANGER KYRKJELYDSHUS, Leitevegen 2. (OBS: ujevne intervall grunna andre ting som skjer)

  • 20.08.
  • 03.09.
  • 24.09.
  • 22.10.
  • 05.11.

NB: Har du småbarnsleiker liggande og vil donere dei til kyrkjelydshuset på Leikanger, tek me veldig gjerne imot dette. Kan leverast på kyrkjekontoret i Sogndal, til kyrkjetenar på ei gudsteneste, eller kom innom kyrkjelydshuset når me har babysong (annakvar torsdag) eller Småtrolltrall. 

 

For spørsmål eller behov for tilrettelegging: Ta kontakt med trusopplæringsleiar Birte Husum: 

BH278@kyrkja.no

Mobil: 94798799

Tilbake