Me gjentek suksessen: Kyrkjekino og pizzafest laurdag 8.november på Stedjetunet, der 10-åringane vert særleg inviterte. (11-åringane vert inviterte til Lys Vaken, der kyrkjekino og pizzafest er inkludert).
PÅMELDING
Program:
16.00: registrering og velkomstmoro.
16:30: pizzafest
17:00: film og popcorn.
19:00: 10-åringane vert henta
Etter 19:00 vert dei som er 11 år att for meir Lys Vaken-opplegg.
Me avsluttar helga med gudsteneste i Stedje kyrkje søndag 09.november kl. 11.00. Det vert ei Lys Vaken gudsteneste med mykje song og fint tema. Der er heile familien også velkomne!
Påmeldinga kjem her.
VIKTIG: Påmeldingsfrist torsdag 6.11. slik at me kan førebu lokalet fredagen og tinge mat.
VAKSENHJELP: Me treng vaksne, frivillige medhjelparar som kan vere tilstades denne kvelden. Ta kontakt med underteikna om du kan tenkje deg å vere med. Er du i følgje med ein 10-åring, skriv deg opp i påmeldinga.
Eg gledar meg til å treffe dykk og ha det kjekt i lag!
Beste helsing Birte Husum,
leiar i trusopplæringa i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
Kontaktinfo: tlf: 94798799 eller birte.husum@sogndal.kyrkja.no