Vel møtt til orgelkonsert i Stedje kyrkje ved Sigurd Melvær Øgaard måndag 2. oktober kl. 18.00.
| Tid: |
Måndag 2. oktober kl. 18.00 |
| Stad: |
Stedje kyrkje |
| Billettar: |
kr. 200,- / kr. 100,- (under 16 år) |
| Billettar kjøpast: |
Kontant i døra eller førehandskjøp via TicketCo |
Vel møtt til orgelkonsert med domorganisten i Bergen domkirke, Sigurd Melvær Øgaard. På programmet står musikk av mellom anna Max Reger.
Kom for ei konsertoppleving som er vel verdt å få med seg!
Sigurd Melvær Øgaard vart fødd i Bergen i 1978. Han fekk si første orgelundervisning av sin onkel frå han var 10 år. I 1996 deltok han på International Summer Academy for Organists i Haarlem, Nederland. Medan han var der, studerte han med professor Piet Kee.
Frå 1997 – 2002, studerte Sigurd ved Griegakademiet i Bergen, der han studerte orgelspel, cembalo og kordireksjon. Som ein del av studiane, var han eit semester ved Birmingham Conservatoire i England. Medan han var der, var han óg Organ Scholar ved St. Mary’s Collegiate Church i Warwick.
I 2002 flytta Sigurd til USA for å arbeide som Organist og Assistant Director of Music ved First United Methodist Church i Lubbock, Texas. I løpet av hans tid her, fullførte Sigurd både Mastergrad og Doktorgrad innan kordireksjon ved Texas Tech University (TTU). Frå 2009 – 2011 arbeidde Sigurd som Adjunct Instructor i piano- og orgel-spel ved TTU.
I 2011 flytta Sigurd til Houston, Texas, der han først byrja som organist ved Palmer Memorial Episcopal Church. I 2014 gjekk han over til Christ Church Cathedral, Houston, for å arbeide som Associate Minister for Music og Cathedral Organist.
Frå 2012 – 2015, var Sigurd Organist og Akkompagnatør for Bach Society Houston, samt lærar i improvisasjon og salmespel ved University of Houston.
Frå 2015 er Sigurd domorganist i Bergen domkirke.
Sigurd har ei utstrakt konsertverksemd, og har hatt ei rekkje konsertar i Europa og USA. Han har mellom anna spelt i St. Bavo, Haarlem (Nederland), St. Paul’s Cathedral, Westminster Cathedral, Birmingham Cathedral og Coventry Cathedral (alle i England) samt Washington National Cathedral, USA.
Han har vore solist ved Festspillene i Bergen og Oslo Kirkemusikkfestival.