LYS VAKEN 2026 for 10- og 11-åringar.


LYS VAKEN 2026 for 10- og 11-åringar.


Vil du vere med på noko litt annleis i kyrkja?

7.-8. november inviterer Kyrkja i Sogndal til ei kjekk Lys Vaken-helg for deg som er 10 og 11 år. Me skal vere på Stedjetunet og i Stedje kyrkje. 

3 barn med Lys vaken t-skjorte.

Foto: Den norske kirke/Arneberg/Von kommunikasjon

PÅMELDING KJEM HER:  https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=231bb08f-b887-438c-b848-e35beb36f8fd

PÅMELDING

KVA:

Lys vaken handlar om å vere vakne for kvarandre, verda, seg sjølv og Gud. 

Det vert pizza, film, leik, bibelforteljing, drama, song, og lys i mørket på laurdagen. 

Søndagen er det Sprell-levande-Lys-vaken-gudsteneste i Stedje kyrkje kl.11.00, der me får vise fram noko av det me har gjort på laurdagen. Det vert Lys Vaken - kor og kyrkjekaffi. Etterpå kan dei som vil få vere med opp i tårnet og sjå kyrkjeklokkene, eller til galleriet og få sjå korleis orgelet i kyrkja virkar.

KVEN:

Alle 10- og 11-åringar er hjarteleg velkomne med på alt. Ein treng ikkje vere døypt eller medlem i kyrkja for å melde seg på. 

Familie, fadrar og alle kjente er velkomne på gudstenesta, søndag kl. 11.00.  5-åringar særleg inviterte. 

KVAR:

Stedjetunet (Kyrkjevegen 6) og Stedje kyrkje i Sogndal. 

PRIS:

Kr. 100. Vipps til #77448 (LysVaken Sogndal og Leikanger).

PÅMELDING: Innan onsdag 4.11.26.  

PS: Det vert ikkje overnatting, slik det har vore tidlegare.  Alle søv og et frukost heime. Så møtest me att til gudsteneste søndagen. 

  

 

Lat telefonen ligge att heime.

 

PROGRAM:

Laurdag 7.11.:

  • 15.00: Oppmøte, registrering, bli kjende på Stedjetunet
  • 15.30: Pizzafest
  • 16.00: Film, popkorn og filmprat.
  • 18.00: Diverse aktivitetar i Stedje kyrkje. 
  • 20.00: Kveldsmat på Stedjetunet.
  • 20.30: Avslutningssamling på Stedjetunet. 
  • 21.00: Henting og takk for ikveld. Stedjetunet.

------------------------------------------------------------------------------------

Søndag 8.11.: 

  • 10.00: Oppmøte i KYRKJA. Øving på det me skal gjere.  
  • 11.00: Gudsteneste for heile familien der Lys vaken og barnekoret deltek med song, drama og anna, og femåringane får ei klistremerkebok. Kyrkjekaffi. Tårn- og orgel-safari. for dei som har lyst.
  • 11-åringar som ikkje har fått Teikneseriebibelen, kan få den i gudstenesta. 
  •  

 

Lys vakne leiarar: 

  • Prestestudent Maja Salomonsen
  • Kyrkjetenar Bente Leirdal Sleen - tlf.45604249
  • Kantor Hallgeir Øgaard Westli
  • Studentar i praksis
  • Kyrkjelydspedagog Birte Husum 
  • Frivillige frå kyrkjelyden 

Lys Våken – Foto Hans Jakob Heimvoll 

(Foto: Den norske kyrkja)

  

     

 

  

Foto: Birte Husum og Bente Leirdal Sleen. Frå Lys Vaken og kyrkjekino 2026. Popkorn, lystog i mørket, kyrkekino, lystenning i kyrkja.  

 

Me gler oss, og håpar du kjem! Frist for påmelding er onsdag 4. november!

Medan du ventar kan du høyre på Lys våken-sangen og kanskje lære deg nokre dansetrinn om du vil.

 

 

Beste helsing kyrkjelydspedagog Birte Husum. 

BH278@kyrkja.no.

TLF: 94798799

Tilbake