Stille kveld i Stedje kyrkje våren 2026


Stille kveld i Stedje kyrkje våren 2026


Vel møtt til "Stille kveld" i Stedje kyrkje!

Me lever i ei travel tid, det er mange inntrykk og mykje som både skal fordøyast og presterast på ulike område. Då kan det vera godt å komma til kyrkjerommet, få tid til å roa ned og sitja litt å kvila i eit møte med det heilage i kyrkjerommet. Dette er utgangspunktet for «Stille kveld».

Me syng fire salmar, ber tidebøn og er stille i 10 minuttar, der kan du sitja i eigne tankar eller berre vera i stilla, i bøn, eller kanskje kveikja ljos i lysgloben. Du kan også sitja for deg sjølv utan å ta del i salmane eller tidebøna og berre kvila i kyrkja.

«Stille kveld» begynner kl 19.00 og varer i 35-40 minuttar. 

Datoane for våren 2026 er:

  • 14. januar
  • 11. februar
  • 11. mars
  • 8. april
  • 13. mai

Du er hjarteleg velkommen!

Tilbake