Gjeldande smittevernreglar


På denne sida vil du finne ei oversikt over dei smittevernreglar som for tida er gjeldande for arrangement i kyrkja. Vi vil prøve å oppdatere sidene etter kvart som nye retningsliner kjem frå sentralt hald.
Du kan og halde deg oppdatert på kyrkja.no eller Regjeringa sine nettsider

Sist oppdatert: 16.04.2021

Frå 16. april gjeld desse reglane:

I hovedsak er vi no attende til dei reglane som var gjeldande før 25. mars i år. Arrangement som samlar deltakarar fra fleire kommunar bør framleis utsetjast eller avlysast. Dette gjeld ikkje gravferd.

Når samfunnet no er i gang med å opne opp, er det særkilt viktig at vi fylgjer dei gjeldande smitteverntiltaka. Sogndal er per i dag ikkje i nokon særskilt kategori og fylgjer då dei nasjonale reglane.

De viktigste endringene:

  • Inntil 100 deltakere på faste, tilviste plasser innendørs, eller 200 utandørs. Medverkande kjem i tillegg.
  • Avstanden skal vere minst ein meter målt fra skulder til skulder under heile arrangementet. Merk at smittepotensialet er høgare ved allsong inneadørs, i fylgje FHI. Auka avstand avgrensar smittepotensialet. Difor tilrår også Den norske kyrkja minst 2 meter avstand ved allsong innandørs - den lokale smittesituasjonen kan utvikle seg raskt.
  • Det vert no opna for kulturarrangement der deltakarane er born og unge under 20 år fra same kommune, med inntil 50 deltakarar uten krav om faste, tilviste plasser. .

Det er utarbeidd ein smittevernrettleiar for Den norske kyrkja som vi rettar oss etter. Denne er forfatta av Kyrkjerådet og KA i samarbeid med Bispemøtet og Norges kirkevergelag.Sist oppdatert 15. april.

På nettsidene til KA (Kirkens Arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) finn du oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer generelt på fem hovedprinsipp:

  • Sjuke personer skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltek.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades.

Under finn du meir informasjon som kan vere nyttig å setje seg inn i. Klikk deg inn på lenkjene i menyen under og i artikkellista nedst.

 

Påmelding til gudstenester komande helg

18. april: Stedje: Her kan du no melde deg på til gudstenester komande helg   

Les meir

 

Leikanger kyrkje er låst

Av smittevernomsyn vert Leikanger kyrkje inntil vidare låst når det ikkje er arrangement i kyrkja.

Les meir