Velkomen attende til kyrkja


I samband med korona-pandemien har mykje av aktiviteten i kyrkja vorte stogga. No opnar ting opp att, og vi kan endeleg ynskje velkommen attende til kyrkja.

Sist oppdatert: 16.05.2020

Når det no opnast opp att for aktivitet i kyrkja, så er det ikkje slik at alt vert som før. Ein må framleis ta omsyn til dei reglar og restriksjonar som gjeld, og ein må ta omsyn til det smittepresset det eventuelt er i det einskilde sokn.

På nettsidene til KA (Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon) finn du ein del oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Hovudpunkt:

  • Maks 50 personar samstundes til stades i eit lokale
  • Minst 1 meter avstand mellom kvar person
  • Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades
  • Ein skal ha rutinar for handhygiene og reinhald
  • Minst mogleg berøring og bruk av felles utstyr

Kyrkjene våre er av ulik storleik, og i nokre av dei vil det ikkje vere mogleg å ha 50 deltakande og samstundes oppretthalde minimumsavstand på 1 meter.

For kyrkjene våre gjeld:

Kyrkje Maksimalt tal deltakarar
Stedje kyrkje Inntil 50 personar
Leikanger kyrkje Inntil 50 personar
Tjugum kyrkje Inntil 50 personar
Sæle kyrkje Inntil 50 personar
Ølmheim kyrkje Inntil 50 personar
Fjærland kyrkje Inntil 50 personar
Kaupanger stavkyrkje Inntil 30 personar
St. Olafs kyrkje Inntil 30 personar


Under finn du meir informasjon som kan vere nyttig å setje seg inn i. Klikk deg inn på lenkjene i menyen under og i artikkellista nederst.

 

Endringar av tenester og tilbod i kyrkja. Oppdatert 8.mai

Vi kan med glede melde at mot slutten av mai vil vi i Sogndal gradvis starte med gudstenester att, i dei fleste av kyrkjene for inntil 50 p...

Les meir