LYS VAKEN 2020


Den fine Lys vaken -kvelden me hadde planlagt laurdag 21.11. vert diverre avlyst. Du er velkomen til Lys vaken - familiegudsteneste i Leikanger kyrkje 22.11. kl 11. Under finn du Lys vaken - aktivitetar og konkurranse. BLI MED!

 

Over hundre invitasjonar gjekk ut til alle 11-åringane i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn i veke 45. Me var godt i gang med planlegging, og gledde oss til å ha ei fin Lys Vaken - helg i lag med dykk. Diverre må denne avlysast. 

 

Det kan då vere fint å minne kvarandre på å vere LYS VAKNE likevel. ME kan vere lys vakne der me er. I kvardagen vår. Lys Vaken handlar nemleg om å vere vaken for kvarande, for verda, for seg sjølv og for Gud. Og så kan me minne kvarandre på at Gud er lys vaken for oss. 

FORSLAG TIL TING DU KAN GJERE:

  • Gå LYS VAKEN tur i nabolaget. 
    • Ta med deg ein god ven, ha med dykk lykter og ring på til nokon og syng ein fin song. (Forskot på julebukk)
  • Dans med til Lys Vaken-songen. Lys Vaken-songen med dans
  • Les dette bibelverset: " Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min sti". Finn fram ein Bibel, og prøv om du kan finne verset i Salmenes bok, kapittel 119 vers 105.
  • Visste du at det er mange som har laga songar med denne teksten?
  • Kom på familiegudsteneste i Leikanger kyrkje 22.11. kl 11. (MERK: maks. 50 deltakarar) 
  • Tenn eit lys og takk Gud for nokon du er glad i.
  • Ta ein telefon eller Facetime med nokon som du ikkje har sett på lenge. 
  • Gå ein tur ut med lommelykt når det er mørkt. 
  • Her finn du ein adventskalender der du kan vera ein "superhelt".
  • Høyr på denne adventsongen med Helene Bøksle

 

LYS VAKEN QUIZ

Her kjem ein quiz for 11-åringane. Send inn svar til meg på epost, og bli med i trekninga 14.desember. Dagen etter Luciadagen. Vinnaren får ein fin premie. 

  1. Kor tid er nyttårsdagen i kyrkja? 
    a) 1.nyttårsdag          b) 1.desember      c) 1.søndag i advent
  2. Kva farge har advent i kyrkjeåret?
    a) Raud                     b) fiolett/lilla           c) Kvit
  3. Kva tyder advent?
    a) Berre vent litt         b) Ventetid             c) Herrens kome
  4. Helgenen St. Nikolas blir rekna som den som har gitt inspirasjon til julenissen. Les om St. Nikolas og svar på spørsmåla etter at du har lese teksten: 

    a) I kva land vart St. Nikolas fødd?
    b) Kva stilling hadde St. Nikolas?
    c) St. Nikolas arva formuen etter faren. Kva gjorde han med pengane?
    d) Kva skjedde med St. Nikolas i ca år 310?
    e) Kva dato døydde St. Nikolas?
  5. Det me kallar Juleevangeliet byrjar med dette verset: "I dei dagane lèt keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda." I kva kapittel i Bibelen finn me Juleevangeliet? 
    a) Lukas evangelium kapittel 2.
    b) Matteus evangelium kapittel 1.
    c) Johannes evangelium kapittel 1. 

 

Herren velsigne deg og vare deg! 

Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig!

Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

Ta godt vare på kvarandre! Håpar me sjåast snart! 

 

Helsing Birte Husum,

trusopplæringsleiar i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

Tlf. 94798799

Epost: Birte.Husum@sogndal.kyrkja.no

Tilbake