Stille kveldar i Stedje kyrkje


Onsdag 2. september kl. 19.00 startar me opp att med ‘Stille kveld’ i Stedje kyrkje. Her blir det høve til å vera stille, kveikja lys, syngja salmar og be tidebøner.

 

Opplegget varer i 40 minuttar. Planen er å ha ein slik kveld i Stedje kyrkje ein gong i månaden, den første onsdagen i kvar månad. For hausten vert det ‘Stille kveld’ (alle datoar kl. 19.00):

  • 2. september
  • 7. oktober
  • 4. november
  • 2. desember

Samlinga er for deg som tykkjer det er mykje prat og uro i kvardagen, og kjenner at det kan vera godt å kvila i kyrkjerommet. Samlingane vert leia av Astrid og Stein Bondevik.

Tilbake