Kyrkjelydstur og basar for kyrkjelydshytta avlyst


På grunn av utfrodringane rundt korona-pandemien, vert basaren til inntekt for Kyrkjelydshytta samt den årlege kyrkjelydsturen avlyst.

Klikk deg inn på artikkelen for meir informasjon.

 

Omskolering!

Når vi ikkje kan gjere ting som vi gjorde før, må vi omskolerast! Dette kan ta litt tid! Vi må tenke nytt og annleis om det vi har gjort før. Vi må gjere ting på nye måtar, sjølv om vi dragast mot det vi hadde og gjorde før. Vi vil helst ikkje mista det som var verdifullt for oss; nærleik, handtrykk og klem. Og berre det at vi ikkje lengre deler måltid heilt som før, fører til kjensla av at noko er tapt.

Men så var det omskoleringa, då. Diakoniutvalet vil drøfte det diakonale arbeidet i kyrkjelyden med det første. Korleis kan vi møtast, ha aktivitet, ha måltid og gjere kjekke ting, utan at det går ut over smittevernet?

Vi må heile tida sjå an situasjonen og gjere vurderingar ganske fortløpande. Kva type arrangement kan vi  ha og korleis kan vi gjennomføre dette og samtidig ivareta smittevernet? På eit vis må vi omstille oss og gjere samlingane på nye måtar. Vi vert utfordra til kreative og alternative løysingar, så kan vi samlast likevel. Dette gjeld m.a Dåpsringen, Kyrkjeringen, Misjonsdag og samlingar for frivillige i kyrkjerommet. Vi vil bruke heimesida til informasjon etter kvart som samlingar kjem i gjenge.

Kyrkjelydsturen - avlyst

Den årvisse kyrkjelydsturen, i år tenkt laurdag 22.august, vert ikkje gjennomført grunna covid -epidemien. Det vart vanskeleg å sjå korleis vi kunne gjennomføre turen på ein smittevern forsvarleg måte. Vi får håpe og tru at det er andre tider neste år , og vi vil kome attende til ny tur då!

Basar for kyrkjelydshytta - avlyst

Vi må dessverre avlyse basaren til inntekt for kyrkjelydshytta i år. Dei som har vore med på basaren tidlegare kjenner til korleis basaren har vore ei kjekk sosial samling, med program, mat og utlodning. Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre noko av dette, uansett kor nøyaktige vi er, utan risiko for smitte blant oss. For kyrkjelydshytta sin økonomi betyr dette tapt inntekt på nesten kr. 50.000,- .                 

Er det nokon som vil bidra med mindre beløp, som støttegåve til hytta sine faste utgifter som straum og forsikring, set vi pris på det! Gåva kan gis til konto 3720.20.58257, og merkast «Gåve til kyrkjelydshytta»

Tilbake