Amigos, Norane


"Me har det kjekt i lag, me lærer frå Bibelen, syng fine songar, og me har verdas beste bollar." 

 

Det hadde gått gjetord om bollane før eg kom på besøk, og det var tydeleg at dette er eit av høgdepunkta når ungane er samla.


VENER

Amigos er eit spansk ord som tyder vener. Eg oppdaga at eg hadde fleire vener der frå før! Alexander hadde eg møtt på Tårnagentdagen i oktober, og Elisabeth hadde eg overnatta med i Leikanger kyrkje saman med resten av Lys Vaken-gjengen i november. Før eg gjekk, var eg blitt kjent med alle dei andre på Amigos også. For nokre flotte vener å ha!

Amigos er klare til å synge

Verdas beste bollebakar heiter Signy Fardal, og ho har vore med på Amigos/miniklubben heilt sidan oppstarten i 1971. Det nærmar seg 50 år, det! No har ho med seg fleire barnebarn når ho kjem med bollebaksten sin. Det er både rosinbollar og vanlege kveitebollar, noko for ein kvar smak. 

Mosesforteljinga illustrert med flanellograf

 

VARIERT INNHALD

No må de ikkje tru at bolleeting er alt dei driv med! Klubben vert driven av Acta/Normisjon, og samlar 7-10 born frå 5 - 12 år i formingssalen på Ylvisåker skule. Samlingane deira inneheld mykje song, og eg skal love deg at dei syng godt. Om du ikkje trur meg, kan du snakke med nokon som var i Stedje kyrkje på Sprell Levande gudsteneste søndag 8.3., eller på kyrkjelydsfesten i Nortun kl 18 same dag. Dei song begge stader, til stor glede for alle som var der. 

 

Signy-bollar og saft

På samlinga leia Ester Nordheim songane. Margrete Haug fortalde historia om Moses frå Bibelen, og Anne Kristin Gunvordal stemde i bordverset. Eg fekk fortelje ungane om jobben min som leiar for trusopplæringa, og kva den går ut på. Det vart mykje latter då ein gut sa han tykte det var ein løgen jobb å drive med "truseopplæring". Ei jente føreslo at eg jobba med at folk skal lære om og få tru på Jesus, og det stemmer nok meir med den "gjengse" oppfattninga.

Innimellom bibelsoge, song og bolleeting, vart det tid til klypp-og-lim-oppgåver og speling. Medan me åt boller, drakk saft og kaffi, var det og utlodning. Eg var så heldig å vinne ei bok, så no kan eg lesa meg opp på Justin Beeber sine yngre år. 


Kjekt med spel

KOM OG BLI MED!

Har du lyst til å vere med i denne kjekke klubben, kan du ta kontakt med ein av leiarane:

Ester Nordheim: 95115713
Signy Fardal: 91895499

 

UNNTAK OGSÅ HER

Grunna korona, vert det ikkje fleire samlingar i vår, men ta gjerne kontakt om du ynskjer å vere med frå hausten. 

 

Helsing Birte, trusopplæringsleiar i Norum, Fjærland, Kaupanger, Leikanger og Stedje sokn.

Alle foto: Birte Husum

Tilbake